Bømlo ungdomsråd deltok på workshop.
Johanne Kristiansen
Bømlo kommune fekk i vår tilskot i frå Konfliktrådet si tilskotsordning «forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme» til prosjektet «Me høyre te» . Gjennom prosjektet ønskjer me å gje unge i alderen 13-24 år høve til å prøva ut ulike uttrykksformer og jobba med temaet «Me høyre te». Målet er å auka mangfaldet og gje rom for fleire ulike uttrykk og gje ungdommen nye metodar å uttrykkje seg på.
Du har lov å vera deg sjølv!
Målet er også at deltakarane skal få større forståing for at det er viktig (og nødvendig) at andre unge også har behov for å vera seg sjølv, sjølv om dette kanskje betyr at dei er litt annleis enn fleirtalet, både når det gjeld utsjånad, tankemåte, religion og seksualitet. Det skal vera plass til alle og det bidrar til utvikling.
- Me ønskjer å sende eit signal om at me er eit samfunn, med mange ulike fargar, former og uttrykk og at det er viktig å hjelpe kvar enkelt til å finne sitt uttrykk for at me også i framtida skal greia å stå saman og ikkje tek til ekstreme uttrykksformer, seier rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen.
Arbeid mot utanforskap
Arbeid mot utanforskap har vore i fokus i fleire år. Ungdataundersøkinga 2024 viser at mobbing framleis er eit tema mange barn og unge slit med. Skulane melder om utfordringar med "stygt språk" med nedsetjande/rasistisk innhald og det har vore eit krevjande debattklima.
Tiltaket er ein del av eit større arbeid, der Allemed, innspelsmøte Ungdata 2024, Mostrating for ungdom 2024, ein ungdomspolitisk dag våren 2025 med same tema og workshopane blir "avslutta" med ein konsert med same tema, der bidrag frå workshopane skal visast bla. gjennom film, aktiv deltaking på scena og utstilling. Dette siste blir sett i samanheng med markeringa av Verdsdagen for psykisk helse 2025.
Stort mangfald i workshopane
Bømlo kunstlag, Bømlo kulturskule, Bømlo husflidslag, Morild, Bømlo ungdomsråd, Galleri Günther og Bømlo Tensing arrangerer i veke 39 – 42 tilsaman 11 workshopar med variert innhald. Workshopane finn stad i heile tidsrommet og dei er gratis for deltakarane.
Det er tilbod om følgjande workshopar/uttrykksformer:
• mosegraffiti
• grafikk,
• graffiti og gatekunst
• storformat-teikning med tusj og graffiti-spraymaling,
• låtskrivarverkstad,
• podkast
• redesign og reparasjon av klede
• kunst i natur
• band
• dans
• teater
Påmelding skjer direkte til arrangøren eller via linken Påmelding "me høyre te" workshopar
NB: Det er avgrensa plassar på alle workshopane. Ver merksam på at dei ulike workshopane har ulik påmeldingsfrist. Påmeldinga vert stengd dersom workshopane er fulle før påmeldingsfristen går ut. Det er mogleg å melde seg på fleire workshopar. Alle workshopane er gratis for deltakarane.
Det blir teke bilder og filma under workshopane, til bruk i dokumentasjon av prosjektet. Resultata i frå workshopane blir viste i samband med Tobias Sten konserten i Bømlo kulturhus den 18. oktober ved utstilling, framføring eller gjennom foto og film.
Dersom de har spørsmål, ta gjerne kontakt med prosjektleiarane:
Johanne Kristiansen – rådgjevar folkehelse og frivilligheit Tel. 453 82 642
E-post: Johanne.kristiansen@bomlo.kommune.no
John Henrik Staveland Sæter – SLT koordinator Tel. 975 52 121
E-post: john.henrik.saeter@bomlo.kommune.no