Me høyre te-prosjektet held fram

Sekretariatet for konfliktråda har innvilga innvilga 260 000 kroner til å vidareføre og vidareutvikle prosjektet “Me høyre te” i 2026.

ungdomar med grafittimåleri på gulv - Klikk for stort bileteGrafittiworkshop i prosjektet Me høyre te. Bømlo kommune

Dette var gladmeldinga prosjektansvarlege for “Me høyre te” SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter og rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen i Bømlo kommune mottok like før påske. Prosjektet er tenkt gjennomført i tidsrommet september 2026 til januar 2027 i samarbeid med lag og organisasjonar.

- Målet er å gjennomføre minst åtte workshopar med temaet "Me høyre te" for ungdommar i alderen 13-24 år. Workshopane skal vera gratis for deltakarane. I tillegg skal det arrangerast ein fagdag for lag og organisasjonar med tema innanfor utanforskap, radikalisering og hatefulle ytringar, opplyser dei prosjektansvarlege. Dei fortel at målet er å gi ungdom ein arena for kreativ utforsking, meistring og oppleving av fellesskap.

Måla for tiltaket er: 
1. Mindre utanforskap blant ungdom 13–24 år – fleire skal oppleve å høyre til i eit fellesskap.
2. Fleire inkluderande aktivitetar – ungdom får prøve seg på ulike aktivitetar og uttrykk, og kan vise kva dei kan. Det blir rom for ulikhet
3. Lag og organisasjonar blir meir opne og inkluderande – dei tilpassar tilbodet sitt til fleire ulike behov og interesser.
4. Auka kunnskap om utanforskap, radikalisering og hatefulle ytringar blant frivillige og førstelinje i kommunen.
5. Styrka samarbeid mellom kommune, frivillige og hjelpetenester i det førebyggande arbeidet

- Det er eit ønskje at me får til workshopar på heile øya og at det vert variasjon i form og uttrykk på workshopane, seier SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter og rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen.