- Me støttar det ukrainske folk

Ordførar Sammy Olsen går i lystog og held appell i Bremnes kyrkje for å markera Bømlo kommune og si støtte og solidaritet til det ukrainske folk då eittårsdagen for Russland sin invasjon vart markert 24. februar.

"nn" - Klikk for stort bileteInvitasjon 365 dagars motstand - solidaritetsmarkering for Ukraina.

- Me støttar heilhjarta opp om solidaritetsmarkeringa med Ukraina for 365 dagars motstand. I eitt år har dei kjempa mot aggresjon og krig frå Putins Russland. Saman med våre vener frå Ukraina deltek Bømlo kommune ved ordførar for å syne vår støtte til våre ukrainske vener og nye sambygdingar. Me har busett eit 40-tals flyktningar frå Ukraina allereie, og me ventar ytterlegare 40 i nær framtid, seier ordførar Sammy Olsen.

Appell frå ordførar Sammy Olsen til solidaritetsmarkering for Ukraina på eittårsdagen for invasjonen

Arrangørane av solidaritetsmarkeringa er Be to be, Bømlo frivilligsentral og diakonitenesta i Bømlo kyrkjelege fellesråd. Saman inviterte dei deg og alle andre til å stå i lag med menneske frå andre land som har opplevd krig og konflikt. - Me vil visa at sjølv om me kjem frå ulike land og kulturar, så skal me alle kjempe for det same- nemleg fred, fridom og rettferd i verda, understrekar dei.

Markeringa starta med eit lystog frå HSD senteret og opp til Bremnes kyrkje. På programmet stod talar, appeller, lystenning, kulturinnslag, tale ved ordførar, eit minutt stille for ofra i krigen og synging av den ukrainske nasjonalsangen "Ennå er ikke Ukraina tapt" før enkel bevertning.

Lær meir om den friviljuge organisasjonen Be to be

Her finn du Bømlo frivilligsentral

Bømlo kyrkjelege fellesråd - diakonitenesta

Til toppen