- Me ynskjer innspel til HabiliteringstenestaBømlo kommune har ein 10-års plan som beskriv endringsbehov i helse og omsorgstenestene. Det blir også laga årlege handlingsplanar. Me ynskjer dine innspel i arbeidet som gjeld vaksne personar med utviklingshemming/-forstyrringar. Tiltak 26 i Handlingsplan 2023-2024 omhandlar tenester til vaksne personar med utviklingshemming/-forstyrringar. Desse personane får tenester av Habiliteringstenesta. I dette arbeidet vurderer me behov for endringar slik at me skal kunne gje gode tenester også i framtida. Ei framtid med mindre tilgang på arbeidskraft og strammare økonomiske rammer. Lær meir om Mandat 26 - Innspelsdokument - Tenester til menneske med utviklingshemming/-forstyrringar (PDF, 452 kB)Fire ulike områderEi breitt samansett arbeidsgruppe har vurdert ulike tema, og me treng no dine innspel til arbeidet. Arbeidet skal resultera i ein rapport som skal ferdigstillast i mai. Arbeidsgruppa har valt ut fire ulike områder der me har behov for innspel. Du kan sjølv velje om du vil gje innspel på eit eller fleire av desse områda. Du kan også gje innspel på områder som ikkje er omtalt i dette dokumentet. Alle innspel er viktige. Takk for ditt bidrag!Gje ditt inspelInnspelsfrist: 22. aprilLes meir i artikkelen: Må endra for å oppretthalda gode tenester Spørsmål - ta kontakt medJorunn J. Folgerø-HolmTlf. 489 99 937Send e-postFrode Bratten Tlf. 900 12 842Send e-post Sist endra 19.03.2024 10:36