Brannførebyggjar Lena Aakre Aarland fekk blom og gratulasjonar frå brannsjef Ove Halleraker etter å ha fått Meget bestått på fagprøven.
Simon Knutsson Sortland
- Lena har gjort og gjer ein fantastisk jobb, noko ho har vist heilt sidan ho søkte jobben som brannførebyggjar her for to-tre år sidan. Me er glad for å ha deg på laget vårt, og det er særs positivt å ha brannførebyggjarane med som del av beredskapen vår, sa brannsjef Ove Halleraker i gratulasjonshelsinga si.
Lena fortel at det som er noko av det mest givande med jobben som brannførebyggjar er å gå tilsyn i private heimar. - Det er kjekt å møta bygdefolket og hjelpa dei med å gjere husa deira meir brannsikre.
God opplæring
Etter pizza og ein god drøs med kollegaene tok brannsjefen ordet før han overrekte Lena eit oliventre. Etterpå vanka det og ei blomehelsing og takk til mentoren og ansvarleg for lærlingane, brannførebyggjar Andreas Salomonsen. Brannsjefen rosa kollegaen for sin gode jobb med lærlingane. I februar skal Dina Ovidia Karlsen ta si fagprøve som brannførebyggjar.
Halleraker drog særleg fram Aarland si evne til å setje seg inn i ting og lære, noko som kjem godt med. I motsetnad til vanlege lærlingar som får tre kurs på brannfagskulen må vaksenlærlingar i mykje større grad lese seg opp på fagstoffet på eigahand. Etter ferien skal Lena bidra inn i arbeidet med beredskapsanalysen slik at avvika frå tilsynet til DSB kan lukkast.
Givande å brannsikra heimane
- Det var mykje arbeid og mange skriftlege oppgåver, så eg er glad eg no er ferdig med femdagars fagprøve, fortel Lena. Oppgåvene var tilsyn, feiing, kamerakontroll, reingjering av eldstad og fyrkjel.Karakteren var meir enn ho hadde håpa på, men er sjølvsagt veldig glad for å ha fått den beste.
- No kan eg ta ferie med godt samvit. Det skal bli herleg, seier den nye fagarbeidaren med tittel brannførebyggjar.
Simon Knutsson Sortland