Meling skule får utsett skulestart 2026.
Simon Knutsson Sortland
- To trinn fekk undervisning på Meling bedehus før skulestart, og sjølv om skulen ei kort periode var utan ventilasjon, har drifta gått bra, opplyser kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer. Ho rosar innsatsen frå dei mange som har vore involverte gjennom heile prosessen.
Rask og koordinert innsats
Brannsjef Ove Halleraker fekk dei første meldingane om brannen seint sundag kveld den 28. desember og sette raskt i gang nødvendige tiltak. Polygon vart kontakta tidleg og endra luftstraumar i bygget ved hjelp av vifter, noko som avgrensa skadeomfanget.
Los Elektro rykkja ut umiddelbart og har jobba både dag og natt for å sikra at bygget kunne takast i bruk igjen, medan driftsleiar Jens Helge Habbestad og verksemdsleiar teknisk drift Vardan var tett på arbeidet undervegs.
Kartlegging av sot- og kloridverdiar viser behov for sanering, men ikkje utskifting av bygningsdelar. Berre søndre del av bygget vart råka, og dei øvrige delane kunne takast i bruk utan tiltak. Dette gjorde opningsprosessen mindre omfattande.
Tryggleik og samarbeid i sentrum
- Rektor Katrine Hausberg, kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen har vore viktige støttespelarar i arbeidet og har sikra god og tydeleg informasjon til føresette og tilsette. Eit samla mål har heile vegen vore å skape tryggleik og forutsigbarheit for elevar, føresette og tilsette, seier verksemdsleiar Vardan Vardanyan.
Kommunalsjef Laurhammer trekkjer fram det gode samarbeidet på tvers av fagområde som hovudårsaka til at skulen kunne opnast igjen så raskt.
– Alle involverte har gjort ein formidabel innsats. Det har vore effektiv kommunikasjon, rask respons og ei stor vilje til å bidra. Tusen takk til alle som har stått på for at elevane skulle få ein så normal skuledag som mogleg så snart som råd, seier Laurhammer.
- Meling bedehus har vore veldig på tilbodssida og me vil takka dei for godt samarbeid, legg rektor Hausberg til.