Mentorordning i heimetenesta gir ein trygg start i ny jobb

Bømlo kommune inngjekk samarbeidsavtale med Jobbvinnar i fjor for å utvikla og innføra mentorordning. 

mann og kvinner rundt møtebord - Klikk for stort bileteProsjektmøte i mentorprogrammet i Bømlo heimeteneste. Frå venstre verksemdsleiar Hilde Markhus, helsefagarbeidar Lena Williams og Indre Gustaityte, personalrådgjevar Helene Magnussen Hovland, avdelingsleiar Inger Lise Agasøster og helsefagarbeidar Lars Magne Ådnanes. Simon Knutsson Sortland

Fakta

Jobbvinnar er eit nasjonalt prosjekt leia av KS på oppdrag frå Helsedirektoratet. Målet er å rekruttera og behalda sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i helse- og omsorgstenestene, mellom anna gjennom tiltak som mentorordningar, for å bidra til å møte bemanningsutfordringane i sektoren.

Heimetenesta vart valt som piloteining og deltek i ein toårig prosjektperiode med støtte frå Jobbvinnar, saman med andre kommunar. 
Etter snart eitt år med prosjektarbeid er det utvikla og teke i bruk eit strukturert mentorprogram for nytilsette.

– Ei mentorordning inneber at nytilsette får ein mentor det første året, med fleire opplæringsvakter og faste mentorsamtalar som gir tett oppfølging og ein trygg start i jobben, fortel prosjektleiar og HR-rådgjevar Helene M. Hovland.

Ordninga er godt kjend i tenesta og vert aktivt brukt i rekruttering – mellom anna gjennom film og stillingsutlysingar.

👉 Sjå film om mentorordninga
👉 Sjå ledige stillingar i Bømlo kommune
👉 Bli med i kommunens eigen Facebook kanal for ledige stillingar

Ein tryggare start

Emilie Hestenes byrja i heimetenesta i februar, etter fleire år som barne- og ungdomsarbeidar. Ho ville prøva noko nytt – og fann vegen til ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.

to kvinner i bil - Klikk for stort bileteEmilie Hestenes og mentor Lena Williams (bak rattet) på veg til oppdrag i Bømlo heimeteneste. Simon Knutsson Sortland

– Det er ein veldig givande jobb. Ingen dagar er like, og det kjennest som om me gjer ein forskjell, seier ho.

Då ho starta, fekk ho helsefagarbeidar Lena Williams som mentor. Det har hatt mykje å seie.

– Eg spør sjølvsagt kollegaer òg, men det gir ekstra tryggleik å ha ein fast person som har ansvar for å følgja meg opp.

Tettare oppfølging og meir tid til opplæring

Mentorordninga gjeld nytilsette sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i minst 50 prosent fast stilling.

Ordninga gir betre rammer for opplæring. Nytilsette får fleire opplæringsvakter som gir tid til å bli kjende med oppgåver, rutinar og ulike situasjonar – også i helg. Tidlegare kunne nye tilsette få to–tre opplæringsvakter. Emilie fekk seks opplæringsvakter, noko som gav ei grundig og trygg innføring frå start.

I tillegg har mentor og nytilsett faste mentorsamtalar gjennom det første året. Samtalane er hyppigare i starten, og vert gradvis færre.

– Målet er å fanga opp behov undervegs, slik at den nye får utvikla tryggleik og meistring steg for steg, seier mentor Lena Williams.

Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag

to kvinner og mann i helseuniform rundt møtebord - Klikk for stort bileteMentorar og helsefagarbeidarar i Bømlo heimeteneste er nøgd med ordninga som hjelper og tryggar nytilsette kollegaer. Frå venstre Lena Williams, Indre Gustaityte og Lars Magne Ådnanes Simon Knutsson Sortland

Både Emilie og Lena skildrar heimetenesta som ein arbeidsplass med stor variasjon. Jobben handlar ikkje berre om praktiske og helsefaglege oppgåver, men også om nærleik, omsorg og menneskeleg kontakt.

– Mange eldre treng også nokon å prata med. Det er ein viktig del av jobben, seier Lena.
For Emilie har kombinasjonen av opplæring, oppfølging og ein tydeleg kontaktperson gjort overgangen til ny jobb tryggare. Ho fortel at mentorordninga har gitt henne meir ro til å koma inn i rolla.

God forankring og vidare utvikling

- Me har fram til no rekruttert mentorar i alle tre soner i heimetenesta, og dei første nytilsette har fått mentor. Den siste tida har me særleg lagt vekt på kommunikasjon, involvering og god forankring mot verksemdsleiarar i helse, tillitsvalde, verneombod og politisk nivå, fortel Helene M. Hovland.

Neste steg er å spreie og implementere ordninga i fleire tenester i helse og omsorg og samtidig byggje mentorkompetanse hos både eksisterande og nye mentorar.

– Dette er berre starten, og me er godt på veg, seier Hovland.