Monica Smedsrud er ny kommunalsjef for helse, sosial og omsorg
Simon Knutsson Sortland
På eit vis er ringen slutta.
Monica Smedsrud tok sjukepleiarutdanninga på Stord. Den første sjukeheimspraksisen førte henne til Bømlo sjukeheim. - Når eg var i sjukeheimspraksis, hadde eg aldri trudd at eg mange år seinare skulle enda opp tilbake her.
Vegen tilbake blei heller ikkje den kortaste.
Etter utdanninga arbeidde ho først på kirurgisk avdeling ved Haugesund sjukehus. Deretter følgde 17–18 år i heimebaserte tenester, først som sjukepleiar og sidan som leiar. Dei siste ni åra i Suldal var ho leiar for Suldal heimetenester, ei eining som etter kvart omfatta både heimebaserte tenester, bu- og omsorgssenter, psykisk helse, rus og tenestekontor.
Undervegs har ho også spesialisert seg innan eldrehelse og teke master i organisasjon og leiing av helse- og velferdstenester.
Så gjekk turen til Bømlo.
Frå hyttefolk til bømlingar
Familien hadde allereie eit forhold til Bømlo. I 2015 kjøpte dei hyttetomt på Goddo, etter tips frå gode vener. Året etter var dei hyttenaboar.
- Det er paradiset vårt.
Gjennom helger og fritid blei familien gradvis kjende med Bømlo. Naturen trefte også noko heimleg hos Smedsrud, som kjem frå Utsira.
- Eg kjem sjølv frå eit kystsamfunn. Det å få vera her ute ved kysten, kjenna sjølukta og litt vind i håret, og få vera ein del av dette klimaet, synest eg er nydeleg.
Men å gå frå hyttefolk til fastbuande var eit større steg. Mannen byrja i ny jobb som sjef for Finnås kraftlag i 2020, medan resten av familien blei verande i Suldal ei stund. Dei ville vita at han treivst før dei flytta heile familien. Samtidig fekk dottera gjera seg ferdig på ungdomsskulen. Den eldste sonen var allereie på skule i Haugesund, medan yngstemannn som då gjekk i 7. klasse syntest det var tøft å skulle flytta.
- Då var det veldig kjekt at han blei integrert første dag på Svortland skule. Han stortrivs her med masse gode vener og liv fylt med fotball i Bremnes idrettslag. Det er me utruleg takksam for.
Monica likar turar, sjøliv og båtliv. Ho syng også i Bremnes kantori som gjer ho mykje glede. Elles er det ikkje så mykje meir fritid.
- Eg er ei jente som legg ned ganske mange arbeidstimar. Så det går i arbeid, familie og heim. Hus og heim er eigentleg det eg tutlar med. Me har jo fleire hus som me tutlar rundt i, så det går mykje tid til det.
Dei vanskelege vala
Verksemdsleiar Monica Smedsrud orienterte formannskapet om mandat 42 i handlingsplanen for HSO.Det var likevel ikkje berre naturen og livet på Bømlo som lokka då familien valde å flytta hit. Ho såg også ein kommune ho kunne tenkja seg å arbeida i.
- Eg opplevde at kommunen var framoverlent, ville noko og var utviklingsorientert.
Dei siste fire og eit halvt åra har Smedsrud vore verksemdsleiar for Bømlo bu- og helsesenter og Teiglandshagen. Der fekk ho også leiaransvar gjennom den krevjande prosessen rundt Bømlo omsorgstun.
- Prosessen rundt Bømlo omsorgstun er noko av det tøffaste eg trur eg har vore gjennom i jobbsamanheng.
Ho hadde erfaring med omstilling frå Suldal og med å flytta ressursar frå heildøgns omsorg til tenester som kunne hjelpa fleire til å bu heime. Men på Bømlo møtte ho noko meir. Omsorgstunet handla ikkje berre om organisering og ressursar.
- For dei var dette ikkje berre ein institusjon. Det var ein heim, ein arbeidsplass og ein del av bygda sin identitet.
Ho legg ikkje skjul på at det har vore tøft å stå i. Som ny kommunalsjef går ho inn i ein periode der dei vanskelege vala ikkje blir færre. Bømlo er i ROBEK, økonomien krev endringar, og helse- og omsorgstenestene står samtidig overfor utfordringar knytte til både personell og kompetanse.
- Eg kunne gjerne ha tenkt meg å bli kommunalsjef i ei litt anna økonomisk tid enn akkurat no.
Men det var også dette som gjorde at ho søkte.
- Eg har lyst til å vera med på den reisa, sjølv om ho kan bli vanskeleg. Ho er tydeleg på at framtidas tenester ikkje kan drivast på nøyaktig same måte som i dag. Det går verken økonomisk, personellmessig eller kompetansemessig.
Målet står likevel fast. Innbyggjarane skal få gode helsetenester og få dekt dei grunnleggjande behova sine, sjølv om tenestene i framtida kanskje må løysast på andre måtar.
- Eg har tru på Bømlo
Verksemdsleiar Monica Smedsrud ved BBH skjenkar kaffi til utvalsleiar Jørgen Søvold i Levekår under opninga av Sansehagen.
Simon Knutsson Sortland
Midt i alvoret kjem Smedsrud stadig tilbake til det ho meiner Bømlo har mykje av, folk som vil noko.
- Eg har tru på Bømlo. Det har eg faktisk. Ho peikar både på medarbeidarane i kommunen, næringslivet og engasjementet blant innbyggjarane. Og ikkje minst på frivilligheita.
- Ein ting som alltid har imponert meg, er det enorme kulturtilbodet. Det finst høg kvalitet i lag og organisasjonar, frå fotball og idrettslag til teater og musikk. Det er ein enorm ressursbank.
Det engasjementet meiner ho blir viktig også når kommunen skal møta utfordringane framover.
- Me må spela på lag, både innbyggjarane, næringslivet og kommunen. Kommunen kan ikkje løysa alt åleine. Innbyggjarane må også førebu seg på eigen alderdom, medan kommunen må gi kunnskap, leggja til rette og sikra gode tenester til dei som treng dei.
Smedsrud meiner at me kan ikkje berre tenkja at kommunen skal veksa, og at kommunen åleine skal bera oss gjennom dette. - Me må tenkja at me skal bera det saman.
For kommunalsjefen som ein gong kom hit som 19 år gammal sjukepleiarstudent, ventar det nok både medvind og motvind. Det siste kjenner ein øybuing frå Utsira godt til.
- Me bøyer oss i vinden, men me lèt oss ikkje knekka, avrundar vår nye kommunalsjef for helse, sosial og omsorg.