Moster sogelag feirar 30-årsjubileum

Moster sogelag vart skipa i 1996 og fyller 30 år i år. Laget arbeider for å ta vare på slekts- og lokalhistoria til gamle Moster kommune, mellom anna historia om levekår, frakteflåten og lokale kulturminne. Me gir også ut ei lokalhistorisk årbok, som kjem for sal før jul.

vegg i skomakarverkstad - Klikk for stort bileteSkomakarverkstaden til Rasmus Solstrand, den siste skomakaren på Moster. Moster sogelag

Sogelaget eig og driv Moster Museum. Laget kjøpte huset i 2002, og medlemmene har restaurert museet på dugnad. Her kan du sjå utstillingar om daglegliv, arbeidsliv og kystkultur på Bømlo, i tillegg til lokalhistorie frå andre verdskrigen. Museet har ope kvar søndag i skuleferien og elles etter avtale.

Gjennom året arrangerer me mellom anna «Jul i gamle dagar» og kvisskveldar. Lokale lag og organisasjonar bruker også museet til strikkekafé, treff og årsmøte.

Me treng fleire medlemmer!

Medlemskontingenten er 200 kroner i året og gir sogelaget viktige inntekter til å driva museet og ta vare på lokalhistoria.

Vil du bli medlem?
Ta kontakt med leiar: randi.totland@haugnett.no eller gretsi@haugnett.no

Følg oss gjerne på Facebook: «Museet på Moster».
Hjarteleg velkomen til museet på Moster!

På døra veke 46 (PDF, 323 kB)

Kontaktinformasjon Bømlo kommune:

Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 911 65 377
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 453 82 642

Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet.
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 30 00

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalenderen PÅ døra 11.-22. november 2026.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 47 i informasjonsskrivet På døra er Moster sogelag som markerer 30-årsjubileum. På døra vert av postboda send ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.