God stemning rundt borda under Bømlo vaksenopplæring sin internasjonale språkkafè til inntekt for årets TV-aksjon. Frå v. Ann Kristin, Heidi, Elianne og Linda Iren.
Simon Knutsson Sortland
Rektor Kari Friis Sortland ved Bømlo vaksenopplæring (BVO) ynskte velkomen. Både inviterte gjester som kommunedirektør og kommunalsjef deltok saman med fleire friviljuge som er med på språkkafèn i biblioteket kvar onsdag.
Studentar og personale hadde fått laga til både smakfulle baguettar med ulik meny og eit bugnande kake- og fruktfat. Det smakte fortreffeleg med ein god kopp kaffi attåt, og praten gjekk livleg rundt bordet vårt der Venezuela, Filippinene, Syria og Norge var representert.
- Eg har bodd tre år på Bømlo, og i neste veke byrjar eg på B1 norskkurs i Bergen fortel Elianne frå Brasil. Ho har tidlegare gått introduksjonskurset ved BVO.
- Kvar onsdag er eg med på språkkafèn i biblioteket, seier Ann Kristin Det er veldig kjekt å givande. Heidi legg til at dei lærer mykje om andre folk sitt språk, skikkar og kultur.
- Språkkafeen og slike tilstellingar lyser opp kvardagen min. Sist sundag vart eg og familien invitert heim til ein syrisk familie på middag og kaffi. Fantastisk gjestfridom, og eg lærer utruleg mykje, fortel Linda Iren Østensen.
Overskotet frå arrangementet går til årets TV-aksjon og Atlas-alliansen og skal opna dører for funksjonshemma i krig og fattigdom.
Mykje folk og god drøs rundt borda hjå BVO sin internasjonale språkkafè der overskotet går til årets TV-aksjon.
Simon Knutsson Sortland