No er det Friluftslivets veke

Har du lyst på frisk luft, ein hyggeleg tur og godt selskap? Då vonar me at du blir med på aktivitetar under Friluftslivets veke.

to damer sit på stein i naturen - Klikk for stort bileteFint å nyta naturen i Friluftslivets veke. Norsk friluftsliv

Gjennom Friluftslivets veke feirar me norsk natur og friluftsliv, og inviterer heile Noreg til å bli med ut på tur. Over heile landet kan du delta på spennande friluftslivsaktivitetar i regi av lokale lag og foreiningar, organisasjonar, friluftsråd og kommunen der du bur. Friluftslivets veke har blitt arrangert sidan 1993. Det er Norsk Friluftsliv og dei norske friluftslivsorganisasjonane som står bak.

Kva skjer i nærområdet mitt?

Besøk www.norskfriluftsliv.no/aktivitetskalender for å sjå kva for arrangement som går føre seg der du bur!

5 tips for å kome seg ut

  • Ta ein fast dagleg gåtur. Turen trengikkje å vere lang. Det held å gå einliten tur i nærområdet.
  • Lag gjerne ein avtale. Du kan meldedeg inn i ei gruppe eller oppsøkje einarena der du møter fl eire. Då blir turenlettare å gjennomføre.
  • Gå eller sykle i staden for å køyrekorte avstandar.
  • Ta med barnebarna. Gå ein tur iparken saman eller ta dei med tilnæraste leikeplass. De treng ikkjereise langt for å skape gode minne.
  • Dra ut og plukk bær, sopp eller andrenyttevekstar. Haust frå naturensamstundes som du held deg frisk.
     

Har du lyst til å delta i friluftstilbud?

På døra veke 37 (PNG, 118 kB)

Kontaktinformasjon Bømlo kommune:

Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 911 65 377
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 453 82 642

Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet.
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 30 00

 

Om prosjektet På døra

Tema i veke 37 i informasjonsskrivet På døra er Friluftslivets veke. På døra vert av postboda send ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.