Fram til no har trafikantane fått beskjed om stengd bru eller fare for stenging først når dei kjem til brua. I appen «Vegvesen trafikk» og på www.vegvesen.no/trafikk kan du no få denne informasjonen før du legg ut på tur, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.
Den nye tenesta blei først lansert i Nord-Noreg med Helgelandsbrua den 30. oktober. Deretter har fleire bruer i nord fått denne funksjonen. No lanserer vi tenesta også for ei rekkje bruer på Vestlandet. Første brua ut var Måløybrua på riksveg 15 i Vågsøy frå torsdag 23. januar.
På vegvesen.no/trafikk og i appen kan du enkelt få tilgang til informasjon om kva som skjer langs vegen. Tenestene tilbyr allereie varsling av blant anna stengde vegar, status på fjellovergangar og ei rekkje bruer. Du kan få informasjon langs ei vald rute, ei bestemt vegstrekning, eller i eit område du sjølv har definert på kartet.
Sjå også: Hald deg oppdatert om stengde vegar og ferje