No kan du følgja vinden på Bømlabrua og Stordbrua i sanntid

Statens vegvesen har lansert ei ny og etterspurd teneste som gjer det mogleg for trafikantar å følgja vindforholda på fleire utsette bruer – inkludert Bømlabrua og Stordbrua. No kan du sjå både vindstyrke og om brua er open eller stengd, direkte på vegvesen.no/trafikk og i Vegvesen Trafikk‑appen.

dataskjerm og handhelt mobil - Klikk for stort biletePå mobil eller skjerm får du no sanntidsdata om vind og framkomelegheit på bruer i Noreg. Tore Trøiel Hansen

Den nye løysinga gir sanntidsdata frå rundt 40 bruer i landet. For Bømlo betyr dette betre oversikt for alle som pendlar, køyrer tungtransport, eller er avhengige av trygg framkomelegheit over Bømlabrua og Stordbrua.

I den nye visinga kan du sjå:

  • gjeldande vindstyrke på brua
  • om brua er open, stengd eller står i fare for å stengja

Betre tryggleik og føreseielege reiser

Dette kan gjera det lettare å unngå forseinkingar og uventa stopp. Tidlegare har informasjon om vind berre vore tilgjengeleg på skilt ved brua. Med sanntidsdata kan du sjekka forholda før du set deg i bilen. Statens vegvesen peikar på at mange har etterspurt denne funksjonen, særleg dei som er avhengige av bruene i kvardagen. Løysinga skal gjera det enklare å ta gode val og planleggja reisa.

Du kan sjå sanntidsdata her:

I appen kan du leggja til både Bømlabrua og Stordbrua som favorittar. Då får du rask oversikt over status, og du kan velja å få varsel når bruene opnar eller stenger.

skjermdump nettside statens vegvesen - Klikk for stort bileteFølg vindstyrke og framkomelegheit på Bømlabrua i sanntid. Skjermdump Statens vegvesen

(Pressemelding: Statens vegvesen)