Sykling er ein populær idrett på Bømlo.
Geir Einarsen
Éin felles portal – for alle aldersgrupper
AFA skal bli ein digital møteplass der alle typar aktivitetstilbod samlast på ein og same stad – frå barneidrett og ungdomsklubbar til seniortreff og kulturarrangement. Målet er å gjera det lettare å finna fram i jungelen av tilbod, utan å måtte leita gjennom Facebook-grupper eller ulike nettsider.
Før portalen kan takast i bruk, treng me hjelp frå alle lag og organisasjonar i kommunen:
• Registrer kontaktinformasjon
• Legg inn aktivitetar og arrangement
• Del innhaldet som er nødvendig for at føresette kan søkja om Fritidskortet
NB! For at medlemmane skal kunne bruka Fritidskortet hjå ditt lag, må laget vera registrert i AFA-portalen. Portalen er heilt gratis å bruka for alle lag og organisasjonar.
Informasjons- og arbeidsmøte
Me inviterer til eit kombinert informasjons- og arbeidsmøte for lag og organisasjonar:
Onsdag 18. juni kl. 18:00–20:00
Kommunestyresalen, Rådhuset på Bømlo
Reklamebyrået Zpirit, som har utvikla portalen, vil vere til stades og visa korleis sida fungerer. Dei ønskjer også tidlege tilbakemeldingar frå dykk som skal bruke portalen. Ta med eigen laptop, slik at du kan jobba med innhaldet på di eiga side. Me legg til rette for nett-tilgang og straumuttak (ta med eigen straumkabel).
Me veit mange allereie er på veg inn i sommarferien, men håpar likevel at fleire av dykk har høve til å vere med på å kome i gang. Me håpar du blir med!
Meld deg på AFA Informasjons- og arbeidsmøte
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss:
Johanne Kristiansen
rådgjevar folkehelse og frivilligheit
Send e-post eller på telefon 453 82 642