Noko billegare vatn og avlaup frå 1. juli

I statsbudsjettet for 2025 vart det vedtatt å redusere meirverdiavgifta (mva) for vatn og avløp frå 25% til 15%, for å hjelpa husholdningar med å håndtera auka levekostnadar. Redusert mva inneber at gebyra for vatn, avløp og leige av vassmålar vil bli noko redusert.

Bakgrunnen for at regjeringa ønskte å redusere meirverdiavgifta for vatn og avløp, var å bidra til å redusere levekostnadene for hushaldningar som har opplevd redusert kjøpekraft på grunn av høg prisvekst og auka renter.

Kva betyr dette for deg

Endringa i meirverdiavgifta vil du sjå på fakturaen som vert sendt ut 1. august, og vil då gjelde for fakturaen for juli månad.

Har du vassmålar, vert det lagt inn ein forholdsmessig fordeling av høg og låg sats ved årsskiftet, og dette vil du sjå på vassmålaroppgjeret i januar 2026.

Sjå BVA si heimeside for meir detaljert informasjon