Ny framtid for Bømlo omsorgstun

Langevåg i Vekst og Bømlo kommune har inngått eit samarbeid for å skape nytt liv på Bømlo omsorgstun. Me inviterar til Open dag onsdag 12. augusst frå klokka 15-18.

institusjon med parkeringsplass - Klikk for stort bileteBømlo omsorgstun med leilegheitar. Simon Knutsson Sortland

Saman ønskjer vi å skape meir liv og aktivitet på omsorgstunet her og no, samstundes som me utforskar nye idéar og moglegheiter for framtida. Målet er at Bømlo omsorgstun skal vere ein attraktiv stad å bu, ein god møteplass og ein ressurs for lokalsamfunnet, seier leiar Aslaug Tveit i Langevåg i vekst.

Open dag

Du er herved invitert til Open dag på Bømlo omsorgstun. Me håpar dagen kan skape positivt engasjement og ny energi rundt moglegheitene på omsorgstunet. Du kan droppe inn når det passar deg mellom kl. 15.00 og 18.00.

Her kan du sjå dei ledige omsorgsbustadene, bli betre kjend med tilboda som finst i dag og – ikkje minst – dele tankar og idéar om vegen vidare. Kva skal til for å skape endå meir liv, aktivitet og fellesskap?

- Me veit at nedlegginga av sjukeheimsdrifta skapte stort engasjement og sterke kjensler i lokalsamfunnet. Samstundes gir dagens situasjon oss ei moglegheit til å tenkje nytt. Me ønskjer å sjå framover og utvikle omsorgstunet på ein måte som kjem både bebuarar og lokalsamfunnet til gode, seier Tveit.

Gjennom ettermiddagen blir det omvising, informasjon, kaffi, gode samtalar og ein open idéverkstad der alle innspel er velkomne. Arrangementet er ope for alle på heile Bømlo. Me håpar naboar, pårørande, framtidige bebuarar, frivillige og andre interesserte tek turen innom.

Velkommen – me håpar du vil vere med og skape blest, engasjement og nye moglegheiter for Bømlo omsorgstun!