5. klasse ved Rubbestadneset skule med lærarane Ingrid Grimstad og Lillian Kallevåg Sortland (midten) under opninga av ny kai på Hisøy. - No blir dette ein meir tilgjengeleg møteplass, seier leiar Idar Grasdal i Christian Heitmanns Legat.
Simon Knutsson Sortland
Med ny kai på plass blir Hisøy ein meir tilgjengeleg møteplass. Her kan folk leggja til med båt, ta turar i skogen, bada eller berre finna ro. Dette er avgjerande for framtidig bruk av området.
- Beste skuledagen ever!
Femteklassingane frå Rubbestadneset skule var høgt og lågt, og stortrivst i naturen fri for ipads og mobilar. – Beste skule dag ever, og her kan me berre chilla, var to av uttrykka dei brukte. Ei sa tilmed ho elska Hisøy. Dette vart også ein litt spesiell skuledag for lærarane Ingrid Grimstad og Lillian Kallevåg Sortland.
Men først hadde dei hatt ein streng læremeister i Karl Henrik Skinstad Berke frå Det norske skogselskap under oppsummeringa av spørsmåla etter naturstien.
Han fortalde at femteklassen frå Rubbestadneset for to år sidan vann ein finale i Skogleikane, ein landskonkurranse han sjølv var involvert i. Han var spent på om klassen framleis held det same høge nivået, og det vart ei lita utveksling.Det var lett å sjå kvifor dei vaksne trekte fram nettopp barn og unge denne dagen. Hisøy er ein stad der ein kan læra ute, kjenna på meistring og få felles opplevingar utan at det treng vera komplisert. Når elevar både syng, les dikt og spring rundt i skogen, blir friluftsliv noko konkret som ein gjer og ikkje berre noko ein snakkar om.
Noko som toppa seg då elevane fekk servert både eitt og to saftige stykker av den knallgoe fløytekaka frå Viergo og gratis brus servert av dei smilande kulturrådgjevar Elisabeth Holme Knutsen og biblioteksjef Astrid Drevland i Bømlo kommune.
Lang og spanande historie
Ordførar Morten Helland fortel to interesserte elevar om lynet som slo ned i dette treet på Hisøy.
Simon Knutsson Sortland
Historia om Hisøy strekkjer seg langt tilbake. Idar Grasdal drog linjene heilt til slutten av 1800-talet, då distriktslege Christian Heitmann byrja å planta skog på ei karr og vindutsett øy. Med frø henta langvegsfrå og ei sterk tru på at det var mogleg, vart grunnlaget lagt for det grøne landskapet som møter besøkjande i dag.
– Det var nesten ikkje tre her ute den gong, fortalde Grasdal. Heitmann henta frø frå mellom anna Canada og planta eit variert skogsbilete, og bygde seg hytte på øya. Slik vaks Hisøy fram som eit unikt landskap gjennom målretta arbeid over tid. I dag er det nettopp denne arven ein vil ta vidare. Frå stille pionerarbeid til levande bruk, der nye generasjonar kan setja sitt preg med aktivitet og samlingar.
Frå forbod til bryggedans
Seinare har både hytta og området vore gjennom fleire endringar. Den opphavlege hytta forfall etter kvart, før etterkomarar bygde nytt. I 1967 kjøpte Bømlo kommune hytta, med mål om at ho skulle komma alle innbyggjarane til gode. Også kaien har ei lang historie. Den første trekai¬en som kom her vart bygd i 1951, men forfall gjorde at han måtte stengjast. Ein ny versjon stod klar i 1969, men med ei spesiell tilpassing.
– Han vart gjort smal med vilje, fortalde Idar. Ungdom hadde brukt kaien til dans, og det ville ein setja ein stoppar for. No er historia snudd. Med den nye kaien ligg alt til rette for liv og aktivitet igjen, også det som ein gong var uønskt. Men utan min forgjengar Håkon Staveland sitt forarbeid hadde det neppe blitt ein kai her, understreka Grasdal.
– Kanskje kan det bli bryggedans igjen her ute, vart det sagt med eit smil.
Meir aktivitet
Oppsynsmann Arne Torkelsen, Elisabeth Hiim Hollund og Lillian Karin Nilsen i Rolfsnes grendautval peikar på gratis utlån av kano og rednngsvestar på Hisøy. - Dette er ein stad å læra, oppleva og vera i lag, sier dei.
Simon Knutsson Sortland
Oppsynsmann Arne Torkelsen var på plass saman med Elisabeth Hiim Hollund og Lillian Karin Nilsen frå Rolfsnes grendautval. Dei er opptekne av at Hisøy skal vera enkel å ta i bruk, og dei delte gjerne tips om kva ein kan gjera når ein først er komen i land. Arne Torkelsen fortalde at Friluftsrådet Vest gav ei gåve som kan setja fart på både leik og utforsking, nemleg ein kano. Redningsvestar og årer heng ved hytta, og alle som er på Hisøy kan låna utstyret gratis.
Elisabeth Hiim Hollund løfta fram turløypa som går rundt i området. Ho oppmoda folk til å ta turen, senka skuldrene og la blikket få jobba i lag med skogen og sjøen. Lillian Karin Nilsen vart ekstra engasjert då praten kom inn på det grøne. Ho fortalde om plante- og dyrelivet på Hisøy, og nemnde ulike tretypar som bøk og gran. Ho tipsa også om å få med seg «Kongegrana», som ho sa kan knytast til historia om juletregrangåva til Trafalgar Square i England.
Saman gav dei tre eit bilete av Hisøy som meir enn ei hytte og ei kai. Hisøy er ein stad å læra, oppleva og vera i lag. Og det var nettopp det elevane viste, med spring i beina og ord som kom rett frå hjartet.
Grasdal var og tydeleg på at Hisøy skal i endå større grad takast i bruk framover ved å få folk ut, og la øya bli det samlingspunktet ho har potensial til å vera. No ligg alt til rette for at fleire kan bruka hytta som at ein kan booka gjennom Innbyggjartorget i kulturhuset. For med ny kai på plass ligg alt til rette for at fleire kan finna vegen hit. Historia er tydeleg til stades i skogen, i bygga og i forteljingane. Men det er framtida som no får mest plass.
Eit breitt samarbeid
Bak realiseringa av prosjektet står Christian Heitmanns Legat, Friluftsrådet Vest, Det norske skogselskap, Finnås Kraftlag, Sparebanken Norge, Rolfsnes grendautval og Bømlo kommune. Driftsoperatørar frå Bømlo kommune har lagt sjølve dekket, medan bjelkar er det Friluftsrådet som har fått på plass. Bømlo Maskin har fundamentert kaien.
Ordførar Morten Helland løfta blikket frå historia og inn i notida, og takka alle som har bidrege til prosjektet. – Dette handlar om oss alle, sa Helland, og peika på korleis samarbeidet mellom kommune, frivillige og eksterne aktørar har gjort det mogleg å realisera planane.
Han knytte opninga til Bømlo si historie og identitet, der sjøen og ferdsel med båt har vore avgjerande. - Dette seier noko om kven me er, og syner at kystkulturen framleis er ein viktig del av lokalsamfunnet. - Første gong eg var med i eit politisk møte enda med å lesa ein songtekst, nemleg «Boaskjer» som de framførde så finte her i dag, med tekst av Birger Røksund og melodi av Kenneth Sivertsen. Dette er ei viktig påminning om krafta som kan liggja i ord og tonar, noko me fekk kjenna på dag òg.
Avduka plakett
Ordførar Morten Helland avduka plaketten ved nyekaien på Hisøy.
Simon Knutsson Sortland
Ordføraren fortalte at arbeidet med Hisøy har gått over tid og snakk om korleis utvikla området vidare. No ser me resultatet med Friluftsrådet Vest, gode samarbeidspartnarar og sponsorbidrag.
– Eg står her med ordførarkjedet på fordi dette er på vegner av alle som bur på Bømlo. Kjedet symboliserer fellesskapen og er laga av element som fortel om historia vår. Grønstein, fisk og korn, og i tillegg båten, vikingbåten, som minner om korleis folk før reiste over havet. I dag køyrer vi over bruer og vegar, men historia vår ligg framleis i botn. Til slutt runda Morten Helland av med å understreka at Hisøy knyter folk til naturen, historia og kvarandre før han avrunda plaketten til minne om kaiopninga 22. mai 2026.
Ein stor dag for friluftsliv og kystkultur
Dagleg leiar Solveig M. Myge frå Friluftsrådet Vest sa at dette var ein stor dag. Ho understreka at opninga handlar om meir enn sjølve bryggeanlegget. Det handlar om at dei saman har fått til noko viktig for friluftslivet, kystkulturen og dei som kjem etter.
- Hisøy er ikkje ein vanleg stad, men ein heilt spesiell plass forma gjennom meir enn hundre år med visjonar, omsorg og dugnadsinnsats. Historia lever vidare i skogen, i stiane og i opplevingane folk får når dei kjem hi, sa dagleg leiar Solveig M. Myge frå Friluftsrådet Vest under den offisielle opninga av kaien 22. mai.
Simon Knutsson Sortland
- Hisøy er ikkje ein vanleg stad, men ein heilt spesiell plass forma gjennom meir enn hundre år med visjonar, omsorg og dugnadsinnsats. Historia lever vidare i skogen, i stiane og i opplevingane folk får når dei kjem hit.
Myge løfta fram at Friluftsrådet Vest er glade for at området no er statleg sikra som friluftsområde. Det gir tryggleik for at området blir teke vare på for fellesskapen, både no og for framtidige generasjonar. Ho sa også at sikringa gjer det mogleg å leggja til rette for at fleire kan bruka området, anten det er familiar, skuleklassar, padlarar eller båtfolk.
Friluftsrådet Vest har hatt eit godt samarbeid med legatet sidan 2012, med mål om å ta vare på området og gjera det tilgjengeleg for alle. Myge takka legatet for engasjementet, og Bømlo kommune for samarbeid og praktisk innsats. Ho retta også takk til entreprenørar, fagfolk og frivillige, og til dei som har støtta prosjektet økonomisk.
- For Friluftsrådet Vest handlar dette om å gjera naturen tilgjengeleg for alle. Eg håpar Hisøy blir ein stad der folk møtest, der ein kan gå i land, ta ein tur i skogen, bada, padla eller berre finna ro. Eg høyrde ein elev seia at ho elska Hisøy, og det er kanskje det beste beviset på at dette betyr noko, avrunda leiaren i Friluftsrådet Vest.
- Fyll plassen med liv
Mykje folk samla ved hytta på Hisøy under opninga av ny kai.
Simon Knutsson Sortland
Karl Henrik Skinstad Berke i Det norske skogselskap, ein av tre partnarar i legatet, peika på samarbeidet mellom skogselskapet og andre aktørar.
Han fortalde at han kom inn i arbeidet for om lag tre år sidan, etter ny rolle på jobb, og måtte setja seg inn i noko han ikkje hadde planlagt. Han takka ikkje minst Håkon Staveland og Trond Håvard Bjørnstad frå Bergen og Hordaland skogselskap for god hjelp.
Til elevane hadde Berke ei klar oppmoding. - Det er de som skal bruke dette mest framover. De skal fylle plassen med liv. Berre set i gang, dans litt, hald varmen, og bruk plassen.
Til slutt delte han slagordet til Det norske skogselskap «Vi gjer Noreg klokare», og la til at akkurat på Hisøy gjer dei Noreg klokare på skog.
Dette finn du på Hisøy:
- Ei hytte du kan booka gjennom Innbyggjartorget / Bømlo turistinformasjon i Bømlo kulturhus
- lite kjøken, ei stove, to senger i etasje, toalett - Kano med årer som Friluftsrådet Vest har gitt i gåve
- Redningsvestar ved hytta, til gratis utlån
- Turløype rundt i området, og fleire treartar å sjå undervegs
- Toalett som er ope i sesongen frå 1. april til 1. oktober
Dette må du hugsa: I sommarhalvåret gjeld forbod mot open eld i perioden april til september
Hisøy ligg ved Rolfsnes.