Måndag 18. mai startar den nye entreprenøren B45 Anlegg opp att med veg- og sprengningsarbeid slik at dte blir ventetider ved Ramnabrotet.
Vestland fylkeskommune/Lars Andreas Stensland
Det er forventa oppstart av sprengingsarbeid i Ramnabrotet frå og med veke 21. Vegen kan bli stengt opptil 30 minutt om gangen i samband med sprenging.
Berørte naboer kan abonnere på sms varsling på Nabovarsling.no. Ver merksam på at varslingstenesta er nullstilt, slik at ein på ny må melde seg på.
Arbeidet vil føre med seg trafikale utfordringar på strekninga, og entreprenøren oppfordrar trafikantar om å berekne god tid, følgje skilting, trafikkregulering og vise hensyn til dei som ferdast og arbeidar langs vegen.