Ny søknadsrunde for Mewnn i hlese- kull 2026.
mennihelse.no
«Menn i helse» skal bidra til å rekruttere fleire helsefagarbeidarar til kommunesektoren – og no er vi på leit etter nye deltakarar til kull 2026. Ta sjansen på å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det vert gitt informasjon om utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull er også til stades og deler sine erfaringar og anbefalingar.
Her vil det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. Nokre veker etter møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervjuet vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 10 vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller liknande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.
Påmelding og kontaktperson
• 5. februar kl. 12.00-14.00 Nav Stord Bandadalsplassen 5, 5417 Stord
• Meld deg på her
Er du vår neste mann? Grip moglegheita! Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse! Har du spørsmål om Menn i helse?
Ta kontakt med fylkeskoordinator Øystein Johannessen
• Telefon: 908 34 919
• E-post: Oystein@mennihelse.no