Ny vegtrafikk app og sms-varslingsteneste

I dag vart Statens vegvesen sine Vegtrafikkapp og varslingstenester for sms-abonnement på Bømlabrua og Stordabrua aktivert.

Varsel om innstilt ferge i Vegtrafikk app. skjermdump Statens vegvesen trafikkapp

Når det er varsla heftig vêr og det kan vere fare for brustenging kan det vere lurt å ha lasta ned Vegtrafikkapp og denne sms-varslingstenesta. For påmelding send sms med BOMLABRUA og STORDABRUA til 2282, eller du kan gjere det via Stix. 

Her kan du lasta ned Statens vegvesen sin vegtrafikkapp

I Vegvesen Trafikk-appen kan du no få varsel om område du har lagra i dine favorittar. Teikn eit område i kartet, lagre og skru på varsel. Du kan også planlegje og sjå reiseruter med notering av høgdeavgrensingar i kart. I kartet kan du sjå trafikkmeldingar, opplysningar om kva du finn på dei enkelte pauseplassane, og informasjon frå webkamera.

Les også Varslar heftige vindkast

Til toppen