Ordførar Morten Helland inviterte for første gong lag og organisasjonar til å presentera seg på ordførarkaffien for nye innbyggjarar i Bømlo.
Simon Knutsson Sortland
Bømlo kulturskule stilte opp og satte ramma for den andre ordførarkaffien i år. Songelev Ronja Eriksen-Ytrøy Oldereide akkompagnert på gitar av lærar Arne Kvarvev framførte ein flott verson av Bjørn Eidsvåg si låt “Floden”.
Ordførar Morten Helland held derette ein kort presentasjon av kva Bømlo er og har å by på. For første gong hadde han og invitert lag og organisasjonar til å presentera seg, noko kring femten hadde takka ja til. Dei fekk fortelja om kva dei driv med og korleis ein kan kontakta dei for å bli medlemer eller støttemedlemer.
- Me kjem nok til å endra litt på sjølve opplegget neste gong, men det var ein suksess å ha med seg dei friviljuge. Særleg at dei var så flinke til å samtala med våre nye innbyggjarar etterpå. Ei flott samling, meiner ordførar Morten Helland.
Ordførakaffien vert halde to gongar årleg - vår og haust. Invitasjonen går ut til alle som har meldt flytting til Bømlo kommune. Målet er å ta vel imot våre nye sambygdingar, informere dei om kommunen og kva tilbod som finst her, og å gi dei ei lita velkomstgåve. Tradisjonen vart i si tid starta av ordførar Inge Reidar Kallevåg (1999-2007 - H).