Ny vri på Trafikkdagen

Trafikkdagen 2025 for elevar i Bømlo vidaregåande skule (BVG) vart i år konsentrert i og rundt Bømlohallen. Først var det bilslepp og fullskala utrykking på Sirkusplassen før alle samla seg til føredrag og panelsamtale inne i Bømlohallen. Elevane kunne også gå rundt på ulike stands og prøva mellom anna Bråstopp i regi av NAF.

arrangert bilulukke der alle naudetatar deltek - Klikk for stort bileteFullskala utrykking til trafikkulukke vart demonstrert på sirkusplassen. Alf Helge Greaker

Trafikkdagen 2025 for dei vidaregåande skulane starta på tysdag med bilslepp frå krane som tilsvarar fart på ca 80 km/t, og ein airbag demonstrasjon. Det vart etterfulgt av ei fullskala utrykking og hurtigfrigjering. Naudetatane politi, brann og ambulanse orienterte undervegs om arbeidet som vart utført. 

Samling i Bømlohallen

Elevane samla seg deretter i Bømlohallen og plasserte seg i grupper. Her fekk dei først orientering om førstehjelp der tema var «først på skadestad» presentert på storskjerm før politiet presenterte hovudtema «Fart». Første seanse var ved Lene Hetland frå ambulansetenesta der tema var kva gjer du når du kjem til ein ulukkesstad. Politibetjent Marlene Veivåg tok for seg tema «Korleis ynskjer du at livet på vegane skal være i ei ideell verd og korleis kan du vere med å bidra til at det skjer?» 

Ungdomane vart utfordra på å få setja dagsorden og til å diskutera og reflektera over desse ulike scenario. Dei 350 elevane frå BVG fekk mellom anna trena på kvarandre til å sikra frie luftvegar. Tema som var oppe var mellom anna køyring med lett mc og tryggleiksutstyr, seier du ifrå om dine venner køyrer for fort og ruskøyring. Elevane fekk diskutert i grupper og fekk svara via mentimeter. 

Spørsmåla og svara som kom opp vart deretter diskutert og kommentert av panelet på scena. Her sat rektor Tor Inge Kalstad ved BVG, Alf Helge Greaker i Norsk motorcykkel union (NMCU), Lene Hetland i ambulansen, Stein Erik Hagenes i Sunnhordland Trafikkopplæring, Kristoffer Friis Isachsen i politiet, brannsjef Ove Halleraker og beredskapsleiar Frode Sagvaag i Bømlo brann og redning. Etterpå fekk elevane høve til å besøkja stands i hallen og utanfor.

- Bruk bilbelte

- Eg skvatt godt, og fekk kjenna kor viktig det er å bruka bilbelte, seier Leah Smedvig Nesse etter å ha testa NAF sin Bråstopp.

- Ja, og dette var berre ca. 10 km/t, tenk kva som ville skjedd i 80 km/t, supplerer venninna Sigrid Mjånes Fylkesnes. Med på testen var også Ada Notland og Sofie Westre Sævik.