Sandra Valskog, vår kommunekontakt i IKA Hordaland saman med kollega Lars Fivelstad heldt kurs for merkantilt personell i Bømlo kommune.
Sile Eriksen Oldereide
Bømlo kommune hadde 3. juni besøk frå Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKA) for å gå gjennom aktuelle endringar i arkivarbeidet. Tema for dei vel 20 kommunalt tilsette var mellom anna ny arkivlov, -forskrift og kva dette betyr i praksis for kommunen.
- Me hadde samlinga, som også var etterspurt av våre merkantilt tilsette innan skule og helse, for å gje oppdatering om vidare arbeid med både papirarkiv og digitalarkiv, og kva som skal deponerast. Ikkje minst ei oppfrisking om kva som er arkivverdig og ikkje, fortel spesialkonsulent Silje Eriksen Oldereide i Fellessekretariatet.
Saman med arkivleiar Jenny Aanderaa leia ho samlinga der vår kommunekontakt Sandra Valskog frå IKA Hordaland saman med kollega Lars Fivelstad deltok. Dei presenterte utdrag frå nytt lovverk som var mest relevant for dei som stilte på samlinga, med mogelegheit for spørsmål undervegs, og avslutning saman med lunsj.
I etterkant av fagsamlinga vart det gjennomgang av papirarkivet for å få oversikt over materialet og kva som må førebuast til deponering hausten 2026.
- Besøket var nyttig og gav god fagleg oppdatering. Det er framleis mykje att av papirarkiv som skal gjennomgåast og deponerast eller kasserast, opplyser Eriksen Oldereide.