Nye mønster trygg oppvekst skal bryte gamle levekårsmønster

Bømlo kommune deltek no i satsinga Nye mønster trygg oppvekst, eit tilbod retta mot barnefamiliar som lever med låg inntekt og fleire samansette utfordringar. Målet er å bryte levekårsmønster som ofte går i arv i fleire generasjonar, og gi barn og unge eit betre grunnlag for både skule, helse og framtidige moglegheiter. 

gruppe presenterer for politisk utval - Klikk for stort bileteNye mønster - Trygg oppvekst vart presentert for Utval for levekår. Simon Knutsson Sortland

Familiekoordinator Tina Olsen  og verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta presenterte nysatsinga Nye mønster – Trygg oppvekst for Utval for levekår tysdag. Hellen drog kort gjennom bakgrunnen og opprettinga i vår kommune, medan den eine av tre familikoordinatorane, Tina Olsen, gjekk meir konkret inn på kva dette nye kommunale tenestetilbodet inneber. 

Tett tverrsektorielt samarbeid

Modellen for Nye mønster – Trygg oppvekst er utvikla i Kristiansand og blir brukt i fleire kommunar. Bømlo er likevel i ei særstilling, fordi tre verksemder samarbeider tett: NAV, Psykisk helse og rus, og Barne- og familietenesta. Dette er ei løysing som staten har merka seg med interesse. Med på presentasjonen var då også dei to andre familiekoordinatorane Hilde Kismul Matre og Lars Martin Stokka samt verksemdsleiarane for NAV Bømlo Elisabeth Haugen og Synnøve Sørvik frå Psykisk helse og rus.

I familiar som har mykje strev, kan mange ulike tenester vere inne samtidig. Skulen kan gi ekstra støtte til barn som slit med lesing, NAV kan gi økonomisk rettleiing, helsestasjonen kan følgje opp dei minste, og psykisk helse kan gi behandling. Likevel ser me at innsatsen ofte blir fragmentert og lite heilskapleg. 

Nye mønster trygg oppvekst gir difor kvar familie ein fast familiekoordinator som ser heile situasjonen og knyter hjelpa saman. Koordinatoren følgjer familien tett i fem år, deltek i møte med skular, NAV, lege og andre instansar, hjelper med å tolke brev og avtalar, og arbeider saman med familien om ein plan som skal gjere kvardagen meir føreseieleg.

-   Tilbodet er meint for familiar som over tid har levd med låg inntekt og utfordringar knytte til både økonomi, bustad, helse og arbeid, opplyste Hellen.

Lever under krevjande forhold

I 2024 levde 985 personar på Bømlo i låginntekt, og dei siste fem åra har det i snitt vore 332 barn i slike familiar – tilsvarande ein heil barneskule. Tenestene i kommunen har peikt på at dette er eit tilbod som har mangla, og at dei kjenner til familiar som sårt treng meir samordna hjelp. Så langt har prosjektet fått tilvisingar frå både skular, barnehagar, NAV, barnevernet, psykisk helse og helsestasjonen.

Det viser seg at familiar lever i krevjande kvardagar der både bustad, økonomi og praktiske forhold gjer det vanskeleg å få ting til å henge saman. Nokon ynskjer seg ein meir eigna bustad, ein oversiktleg økonomi og at borna skal kunne delta fullt ut i skule – og fritidsliv. Foreldre fortel at presset i kvardagen gjer det krevjande å få oversikt, og at det kan vere vanskeleg å finne løysingar når situasjonen er uoversiktleg og belastande. 

- Det er nettopp her familiekoordinatoren kjem inn. Ein skal vere ein støtteperson som i samarbeid med foreldra kan ta tak i dei små men viktige oppgåvene, som å få oversikt over avtalar, koordinere møte, lage store og små mål å jobbe mot i saman. Det å byrje med dei små tinga kan løyse opp i større problem, fortalde Olsen.

Koordinatorane på Bømlo har allereie sett at dette gjer ein forskjell. Små handlingar kan bli starten på store endringar, både for barn og foreldre.

kvinne føre ei gruppe - Klikk for stort bileteFamiliekoordinator Tina Olsen (t.h) og verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta presenterte Nye mønster - Trygg oppvekst for Utval for levekår. Med på presentasjonen var også verksemdsleiar Elisabeth Haugen i NAV Bømlo, familiekoordinatorane Hilde Kismul Matre og Lars Martin Stokka og verksemdsleiar Synnøve Sørvik i Psykisk helse og rus. Simon Knutsson Sortland

Satsing for å gi like moglegheiter

Målet med satsinga er å gi barna betre skuleprestasjonar, tryggare bustadsituasjon og høve til å delta meir i både fritidsaktivitetar og sosiale samanhengar. For dei vaksne handlar det om å få ei meir handterleg økonomi, betre psykisk helse og moglegheit til å kome i arbeid eller aktivitet.

Forsking frå Kristiansand viser at familiane som får hjelp via denne modellen, ofte oppnår fleire av desse måla. Det blir no samla inn nye data for å følgje med på korleis det går med dei barna som var med i starten, og som no er blitt unge vaksne.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna har peikt på at barn i Noreg ikkje startar likt, og at familien dei veks opp i påverkar kva moglegheiter dei får. Ho meiner at Nye mønster-modellen gir betre oppfølging av dei familiane som treng det mest. 

Samfunnsøkonomisk er dette òg klokt. Éin ung ufør kan koste staten rundt tretti millionar kroner gjennom eit livsløp, og utanforskap knytt til rus eller kriminalitet kan koste opp mot sytti millionar kroner kvart år. Men viktigast er likevel at barn og familiar som slit, skal få ein reell sjanse til å endre kursen.

Eit betre liv

Satsinga starta som eit utviklingsprosjekt med statlege midlar, men desse ordningane er no lagde inn i den kommunale ramma. Bømlo kommune har overført midlar frå 2025 til 2026 for å sikre drift dette året. Samstundes vil prosjektet krevje tydelege lokale prioriteringar framover. Me veit at tidleg og samordna innsats både sparar pengar og gir betre liv for dei det gjeld. 

- Dette veldig viktig å satsa på, og særleg at det er så tverrsektorielt forankra, meiner kommunalsjef helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal.

- Nye mønster trygg oppvekst handlar difor ikkje berre om å hjelpe familiar her og no. Det handlar om å gi barn på Bømlo ein moglegheit til å bryte mønster som har halde fram i fleire generasjonar og om å skape ein framtid der me ikkje snakkar om dei same familiane om femten år, avrunda familiekoordinator Tina Olsen.

Kontakt familiekoordinatorane våre:
•    Hilde Kismul Matre – hilde.kismul.matre@bomlo.kommune.no950 26 822
•    Lars Martin Stokka – lars.martin.stokka@bomlo.kommune.no955 51 646
•    Tina Olsen – tina.olsen@bomlo.kommune.no941 71 130

Lær meir:
•    Familiekoordinator – Nye mønster (Bømlo kommune)
•    nyemonstre.no