Nye rutinar for vintervedlikehald

Teknisk drift i Bømlo kommune legg om rutinane for vintervedlikehald for å sikra trygg ferdsel på dei viktigaste vegane i møte med stramare budsjettrammer.

traktor med brøyteskjær ryddar snø - Klikk for stort bileteTeknisk drift ute med ein av sine mindre brøytetraktorar. Simon Knutsson Sortland

Prioritering av dei viktigaste vegane, mindre nattarbeid og meir målretta bruk av strømiddel er blant tiltaka i justeringa av vintervedlikehaldet av dei kommunale vegane.

  • Hovudvegar, skulevegar, vegar til institusjonar og andre kritiske strekningar vert prioritert. Andre kommunale vegar blir brøytt og strødd etter behov og kapasitet. 
  • Det vert mindre nattkøyring dersom vêrmeldinga viser at temperaturen vil stiga over null i løpet av få timar. Ved akutt isdanning eller uventa vêrskifte kan mannskap likevel rykka ut. 
  • Mest mogleg vinterdrift vert utført i ordinær arbeidstid. Ved uvêr eller akutte hendingar kan beredskap bli kalla ut. 
  • Det vil bli strødd der det har best effekt, og unngå unødig bruk når mildvêr er venta.

Vegvedlikehald og vinterberedskap

- Teknisk drift merkar også stramare økonomiske tider, og justerer difor drifta for vintervedlikehald utan å svekka tryggleiken, forklarar verksemdsleiar Vardan Vardanyan i Bømlo kommune. Med desse justeringane kan vi halde budsjettet og samtidig sikre trygg ferdsel på dei viktigaste vegane.

Han minnar på kva publikum kan gjere for å bidra til auka tryggleik:

  • Tilpass farten etter føret og bruk gode vinterdekk
  • Hald private avkøyrsler og oppkøyrsler fri for snø og is
  • Parker slik at brøyte- og strøbilar kjem fram
  • Meld frå om farlege forhold via kommunen si meldingsteneste

- Me takkar for forståinga og samarbeidet for å sikra trygg ferdsel i trafikken gjennom vinteren, avsluttar Vardanyan.