Nytt fortau i Vestvikvegen er ferdig

Arbeidet med nytt fortau og betre handtering av overvatn langs fylkesveg 4992 Vestvikvegen er no ferdig. Det einaste som står att, er vegmerking. Denne kjem på plass snart.

bilar passerer kvarandre på veg - Klikk for stort bileteBilvegen var ikkje del av prosjektet med nytt fortau og drenering langs delar av FV 4992 Vestvikvegen. Stein Erik Lyslo, Bømlo kommune.

Eit viktig mål med prosjektet har vore å skilja gåande frå biltrafikken på denne delen av Vestvikvegen. Dette omfattar om lag 130 meter nytt fortau. Bilvegen har same breidde som før og har ikkje vore ein del av utbygginga. 

Omlegging av vatn og avløp 

Samtidig har prosjektet gitt området eit nytt dreneringsopplegg. Dette skal leia regnvatn til sluk og utløp og redusera vassig mot ein nærliggjande eigedom. Overvatnet går først i lukka leidning og deretter vidare i open veggrøft. Arbeidet har òg omfatta mellom anna omlegging av vatn og avløp, støttemur, føringskant og innsynsskjerming på delar av strekninga. 

Samla kostnad for prosjektet er på rundt fem millionar kroner. Bømlo kommune har hatt byggherreansvaret for prosjektet på vegner av Vestland fylkeskommune, og det er finansiert via trafikksikringsmidlar og tilskot frå m.a. Vestland fylkeskommune.

Godt samarbeid

Engevik & Tislevoll AS og Bømlo vatn og avløp AS har utført arbeidet. – Dei har utført ein strålande jobb, og det har vore ei glede å samarbeida med dei, seier driftsingeniør Stein Erik Lyslo i Bømlo kommune.