Nytt helsetilbod godt motteke

- Etableringa av Rask psykisk helsehjelp har ført til eit betre og meir differensiert tilbod enn tidlegare, sa kommunepsykolog Øivind Johnsen i Utval for levekår tysdag. 

tre kvinner og ein mann orienterer eit utval personar - Klikk for stort bileteUtval for levekår fekk orientering om Rask psykisk helsehjelp av teamleiar Marie R. Haldorsen (t.v), kommunepsykolog Øivind Johnsen, psykiatrisk sjukepleiar Marit S. Habbestad og kognitiv terapeut Elin L. Pedersen. Simon Knutsson Sortland

Løypemelding for barnevernsorganisering og arbeidet med rapporten «Mandat 30–33 Omsorg pluss – Berekraftige bustadar for framtida» var også oppe til handsaming i dette utvalsmøtet med framlegg til kommunestyret 1. desember.

Møteinnkalling og protokoll Utval for levekår 4.11.2025

Betring med rask psykisk helsehjelp

- Etableringa av Rask psykisk helsehjelp har ført til eit betre og meir differensiert tilbod enn tidlegare. Mellom anna kan me gi eit kortare og meir intensivt løp for dei som treng det og ikkje noko meir. Eg må og få lov til å skryte av teamet vårt.

Det sa kommunepsykolog Øivind Johnsen då han saman med teamleiar Marie R. Haldorsen (kognitiv terapeut) og teammedlemane Marit S. Habbestad (psykiatrisk sjukepleiar) og Elin L. Pedersen (kognitiv terapeut). orienterte om tenesta i Utval for levekår tysdag. 

Dei hadde 144 søknadar i perioden august i fjor til august i år. - Ei av årsakane til populariteten er at brukarane no slepp eit mellomledd, altså å måtta gå via fastlegen, sa Haldorsen. Utvalsleiar Jørgen Søvold (H) poengterte at lågterskeltilbod var noko av intensjonen bak etableringa, og at det skulle finansierast innanfor vedtekne rammer.

-  Det er inga kvikk fiks å få etablert ei slik teneste. I forkant krevst det omstilling, vidareutdanning og nye metodar å jobba etter. Det er låg terskel og veldig flott at ein kan gå så tidleg inn i problema. Eg synest dette er eit veldig bra tiltak og det verkar særs vellukka så langt, sa kommunalsjef for helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal.

- Dette er veldig kjekt og motiverande arbeid som er målretta med forventningsavklaringar i forkant, understreka teammedlem Elin L. Pedersen.

Løypemelding framtidig organisering av barnevernet

tre kvinner og ein mann orienterer eit utval personar - Klikk for stort bileteUtval for levekår fekk orientering om rask psykisk helsehjelp. Simon Knutsson Sortland

Kommunestyret bad etter ein interpellasjon i juni 2025 om ei utgreiing av moglegheitene for å ta barnevernstenesta tilbake til eigen kommunal regi, som alternativ til dagens interkommunale samarbeid med Stord og Fitjar (SIB). Utgreiinga skal vurdera samhandling, ressursbruk, kvalitet, kompetanse, økonomi og konsekvensar for barn, familiar og tilsette. Det skal også vurderast om barnevernet bør organiserast som del av Barne- og familietenesta (BFT).

Arbeidet er omfattande og krev både kvantitative og kvalitative analysar. Det er ønskjeleg å nytta ekstern ressurs for å sikra kvalitet og uavhengige vurderingar, men det er ikkje sett av budsjettmidlar til dette. 

Utval for levekår vedtok samrøystes i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg at kommunestyret tek løypemeldinga til orientering. Administrasjonen legg fram ei sak med utgreiing om framtidig organisering av barnevernet i Bømlo 
kommune våren 2026, i tråd med bestilling frå kommunestyret 16.06.2025.

Omsorg pluss – berekraftige bustadar for framtida

Arbeidsgruppa for Mandat 30–33 har hatt i oppdrag å greie ut korleis Bømlo kommune kan utvikla eit generasjonsvennleg tilbod for eldre, med særleg vekt på folkehelse og førebygging. Målet er å yta tenester 
med god kvalitet, der fleire skal kunna bu heime lengre, og at behovet for sjukeheimsplass vert utsett så 
langt råd. 

Mandatet omfattar å definere og konkretisere «Omsorg pluss»-omgrepet, vurdere dimensjonering og lokalisering, og føreslå prioriteringar for både kortsiktige og langsiktige tiltak. Arbeidsgruppa har lagt vekt på heilskapleg tenking, styrking av heimetenestene og tettare samspel med både offentlege og private aktørar når dei har utarbeida rapporten.

Utval for levekår sitt framlegg til kommunestyret:

1. Kommunestyret tek rapporten «Mandat 30–33 Omsorg pluss – Berekraftige bustadar for framtida» til orientering. 
2. Kommunestyret sluttar seg til hovudtilrådingane frå arbeidsgruppa, og ber administrasjonen prioritere
- etablering av omsorg pluss-bustadar som eit nytt nivå i omsorgstrappa i tråd med plan, og demografisk utvikling (behov). 
- styrking av heimetenestene med stegvis auka ressursar, kompetanse og bruk av velferdsteknologi.
- tiltak som støttar og avlastar pårørande
- samarbeid med privat næring og Husbanken for å – i tråd med plan - utvikle fleire sentrumsnære og universelt utforma bustadar både i privat og kommunal regi. 
- vidareutvikling og styrking av førebyggjande og helsefremjande tiltak som dagtilbod, frisklivtilbod ( evt. frisklivsentral) og rehabilitering.
3. Kommunestyret ber om at det vert utarbeidd ein konkret handlingsplan for gjennomføring av tiltaka,  med vurdering av økonomiske og administrative konsekvensar.  Dei konkrete tiltaka må innarbeidast i investeringsplan årleg og inngå i økonomiplan.
4. Overordna føremål med dette arbeide skal vere å utvikle gode tenester og balanse mellom institusjonsplassar og omsorgsbustader på ulike nivå. Dette slik at kommunen til ei kvar tid, og i tråd med demografiutvikling, ivaretek behovet til innbyggjarane.