SAMSTEMT sin behovsfigur illustrert.- Bømlo kommune deltek i samarbeidet SAMSTEMT for anskaffing av nytt elektronisk pasientjournal system. Det skal erstatta dei kommunale journalsystema Visma Profil og Hspro, som går ut av drift i 2030. Dette vert ikkje berre ei teknologisk oppgradering, men det handlar om å gjere kvardagen enklare for både tilsette og innbyggjarar, og å sikra betre samhandling mellom tenestene, opplyser rådgjevar helse og peersonvern Christine Grønås Mæland.
Manuelt og tidkrevjande
Ho legg til at helsepersonell brukar i dag mykje tid på å finna informasjon, gjerne i ulike system som ikkje kommuniserer med kvarandre. Mange manuelle prosessar fører til meirarbeid og at tenestemottakar ofte må gjenta seg sjølv. Det nye systemet skal samla alt på ein trygg og oversiktleg måte.
Med nytt system får kommunen ei framtidsretta løysing som vil gje trygge tenester der tenestemottakar er. Det vil sikra framtidige dokumentasjonskrav, personvern og informasjonstryggleik. Våre tilsette får eit nytt, oversiktleg system som samhandlar med både interne og eksterne løysingar som fastlegesystem, spesialisthelsetenesta og ulike støttefunksjonar.
Innbyggjarane våre vil betre kvalitet og oversikt, større moglegheit for livsmeistring og medverknad. Rett og slett ein enklare kvardag.
Gradvis innføring
- Fyrste steg er i gang. Dette er ei av dei største anskaffingane i kommune-Noreg, og vil krevje tid, ressursar og opplæring. Målet er avtale med ny leverandør innan utgangen av 2026, og innføring frå 2027 til 2029, seier Grønås Mæland.