Rådgjevar for helse og velferdsteknologi Stine Olson Lodden og IKT-konsulent Roger Brekke sjekkar at alt er på plass med det nye pasientvarslingssystemet på Bømlo bu- og helsesenter og Teiglandshagen.
Simon Knutsson Sortland
– Dagen då me gjekk frå gammalt til nytt sjukesignalanlegg, blei ein stor merkedag for oss på Bømlo bu- og helsesenter og Teiglandshagen. Me har gledd oss og sett fram til denne dagen i mange år. No er me her. Eg håpar og trur at både dei tilsette og bebuarane våre vil få ein tryggare kvardag med den nye varslingsteknologien, seier kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Monica Smedsrud.
Den samla investeringskostnaden er 7,7 millionar kroner. Bømlo kommune får dekt 55 prosent av summen gjennom investeringstilskot frå Husbanken.
Stor utfordring for både brukarar og helsepersonell
– Det gamle anlegget har vore ei utfordring over lengre tid. Alarmsystemet har svikta og gått i svart. Når det skjedde, og det skjedde ofte, måtte me setja inn ekstra personell for å halda drifta forsvarleg i gang, fortel prosjektansvarleg og rådgjevar for helse og velferdsteknologi Stine Olson Lodden.
Dette er no erstatta med eit nytt pasientvarslingssystem frå OneCo. Kommunen har installert systemet ved både Bømlo bu- og helsesenter og Teiglandshagen. Målet er å gi pasientane større tryggleik og dei tilsette betre føresetnader for å gi rask hjelp når nokon treng det.
– Ein feil kunne føra til at me måtte nullstilla anlegget og starta det på nytt. Eit endå meir grunnleggjande problem var mangelen på reservedelar. Anlegget var over 20 år gammalt, og når me måtte byta delar, måtte me i nokre tilfelle leita etter brukt utstyr frå andre anlegg. Det var ikkje lenger mogleg å få tak i nye delar, forklarar IKT-konsulent Roger Brekke.
Det nye systemet skal gi meir stabil drift og mindre behov for omstart, feilretting og manuelle tilsyn. Leverandøroppfølging, driftsovervaking og betre teknisk infrastruktur skal også redusera risikoen for driftsbrot og forseinka varsling.
Roger Brekke og Stine Olson Lodden har gledd seg til å ta systemet i bruk. I tillegg til å vera meir stabilt gir det fleire moglegheiter for å tilpassa varslinga til kvar enkelt pasient.
Kan varsla utan at pasienten trykkjer på ein knapp
Multisensoren i taket kan registrera aktivitet på pasientrommet. Dermed blir behovet for lause hjelpemiddel mindre.
Simon Knutsson Sortland
I det nye systemet har alle pasientrom ein multisensor i taket. Sensoren kan registrera aktivitet og varsla personalet ved bestemte hendingar, til dømes ved fall eller dersom ein pasient går ut av rommet eller står opp av senga. Helsepersonellet skal tilpassa dei aktive varslingane til behova til kvar enkelt pasient.
– Dette kan vera særleg viktig for pasientar som fysisk ikkje klarer å bruka ein alarmknapp, eller som ikkje forstår at dei skal gjera det, seier Stine Olson Lodden.
Dette er ein viktig skilnad frå den gamle løysinga, som i hovudsak var avhengig av at pasienten sjølv varsla ved hjelp av ei ringesnor. Det nye systemet kan også fanga opp hendingar hos pasientar som fell, blir akutt dårlege, har kognitiv svikt, er forvirra eller ikkje når fram til alarmutstyret.
Systemet kan til dømes varsla når ein pasient reiser seg frå senga, dersom pasienten har behov for slik oppfølging. Tidlegare brukte institusjonane lause hjelpemiddel som gulvmatter og separate dørsensorar. Desse fungerte ikkje alltid like godt, til dømes dersom ein pasient prøvde å trø over matta ved senga.
Multisensoren kan også gjera det mogleg med meir målretta tilsyn. Personalet kan følgja opp behov utan å gjennomføra like mange unødige fysiske tilsyn. Det kan gi færre forstyrringar for pasientane, særleg om natta, og gi dei tilsette meir tid til pasientane som faktisk treng hjelp.
Multisensoren i taket tek ikkje opp lyd. Kommunen skal berre bruka video ved særskilde behov og etter vedtak. Før systemet blei teke i bruk, gjennomførte kommunen ei vurdering av personvernkonsekvensane (DPIA) og ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).
Varsla går direkte til dei tilsette
Pasientane kan også få tryggleiksarmband eller ein alarmknapp rundt halsen. Når pasienten trykkjer på knappen, får personalet varselet direkte på dei mobile arbeidsverktøya sine. Der kan dei sjå kven som treng hjelp, kvar personen er, og kva type hending systemet har registrert.
Tilsette får varsla på 50 vakttelefonar, medan 12 oversiktstavler skal gi avdelingane betre samla oversikt. Det gir betre grunnlag for å fordela oppgåver og senda rett hjelp til rett stad.
Når ein tilsett kvitterer ut eit varsel, får dei andre på avdelinga melding om det. Dermed unngår dei at fleire tilsette spring til same rom. Det kan redusera dobbeltarbeid og gi dei tilsette ei meir oversiktleg arbeidstid.
– For pasientane er målet større tryggleik. For dei tilsette håpar me at systemet skal gi betre oversikt, slik at dei kan bruka meir av tida der det faktisk er behov for hjelp, forklarar Stine Olson Lodden.
Systemet kan også lagra opplysningar om alarmar, hendingar og responstid. Desse opplysningane kan kommunen bruka i arbeidet med å vurdera arbeidsprosessar, bemanning og organisering, til dømes om natta.
Elektroniske dører skal gi større fridom
Dei elektriske dørhåndtaka gjer det tryggare for pasientar og enklare for helsepersonell.
Simon Knutsson Sortland
– Armbandet kan også fungera som elektronisk nøkkel. Saman med elektroniske dørhandtak kan systemet gi ein pasient tilgang til områda personen skal kunna ferdast i, samtidig som andre område kan vera skjerma. Målet er både større tryggleik og meir sjølvstende for pasientane, fortel Stine Olson Lodden.
Dei elektroniske dørhandtaka kan også hindra at sårbare pasientar går inn på romma til andre pasientar. Samtidig kan kvar pasient få større fridom til å ferdast trygt i områda som er tilpassa behova deira.
Omfattande arbeid medan institusjonane var i drift
Å skifta system på ein institusjon i full drift krev mykje arbeid. Montørane måtte inn på alle pasientromma, arbeida i gangane og trekkja kablar gjennom bygga. På Bømlo bu- og helsesenter blei kablane trekte frå det tekniske rommet i første etasje, opp til tredje etasje og vidare gjennom bygget. Montørane måtte også byta dørhandtak på alle pasientromma.
– Elektrikarane og montørane har vore i sving i fire til fem veker for å få alt på plass, fortel Brekke.
– Det har vore stor aktivitet, men montørane har fått ros for måten dei har arbeidd på. Dei har i liten grad forstyrra miljøet på institusjonane, seier Lodden.
Prosjektet omfattar meir enn sensorar og alarmknappar. Kommunen har også oppgradert nettverket med nye nettverkssvitsjar. På Teiglandshagen er brannsentralen oppgradert, slik at brannvarslinga kan fungera saman med den nye teknologien.
Den største prøven kjem når teknologien skal bli ein del av den daglege drifta. Roger Brekke og Stine Olson Lodden legg ikkje skjul på at overgangen kan vera krevjande, og at det kan bli noko uro i starten.
– Det er først når me tek systemet i bruk, at me verkeleg får sjå korleis det fungerer i praksis, seier dei.
Meir enn 120 tilsette har fått opplæring
Rådgjevar helse, velferdsteknologi Stine Olson Lodden saman med instruktør Astrid Kjuus Øverby frå Oneco under opplæringa av tilsette.
Simon Knutsson Sortland
OneCo gjennomførte elleve opplæringsøkter for godt over 120 tilsette. Astrid Kjuus Øverby frå OneCo hadde ansvar for opplæringa, medan Jens Atle Skjæveland testa og justerte systemet på avdelingane.
Superbrukarane har fått utvida opplæring og skal vera ressursar på avdelingane sine. Dei kan sjølve stilla inn varslingar og gjera justeringar når behova til pasientane endrar seg. Dermed slepp institusjonane å montera og demontera eigne dør-, matte- eller vandresensorar kvar gong ein pasient får nye behov.
Teknologien gir ikkje gevinstar åleine. Opplæring, tydelege rutinar, nye arbeidsprosessar og god oppgåvedeling er avgjerande for at systemet skal gi betre tenester. Kommunen skal derfor følgja opp gevinstane med målingar etter seks og tolv månader.
Del av ei større endring i helse- og omsorgstenestene
Det nye pasientvarslingssystemet er ein del av ei større omstilling av helse- og omsorgstenestene i Bømlo kommune. Kommunedelplanen for helse, sosial og omsorg 2023–2033 slår fast at kommunen må tenkja nytt om tenesteytinga, kommunen si rolle og samspelet med samfunnet dersom Bømlo skal kunna tilby nok tenester av god kvalitet i framtida.
Den nyaste handlingsplanen peikar på meir målretta bruk av velferdsteknologi som eitt av verkemidla for betre ressursbruk og for å få rett kompetanse til rett tid. I kunnskapsgrunnlaget til planen har kommunen eit eige område om deltaking, tilrettelegging, hjelpemiddel og velferdsteknologi.
Dette handlar derfor om meir enn å skifta ut teknisk utstyr. Kommunen erstattar eit anlegg som har skapt driftsutfordringar og vore vanskeleg å halda ved like, med ei løysing som kan gi raskare hjelp, meir individuelt tilpassa oppfølging og større sjølvstende for pasientane.
For dei tilsette kan løysinga gi betre oversikt, færre unødige alarmar og tilsyn, mindre springing og mindre dobbeltarbeid. For pasientane kan ho gi færre forstyrringar, tryggare ferdsel og meir fridom. Pårørande kan bli tryggare på at personalet fangar opp fall, vandring og andre hendingar. Betre oversikt og dokumentasjon kan også gi eit betre grunnlag for dialog mellom personalet og dei pårørande.
Slik kan eit varsel sjå ut i mobilappen. (Illustrasjonsfoto).
Simon Knutsson Sortland
Faktaboks: Nytt pasientvarslingssystem
Stad: Bømlo bu- og helsesenter og Teiglandshagen.
Tid: Kommunen tok systemet i bruk 16. november 2026.
Leverandør: OneCo.
Kostnad: 7,7 millionar kroner. Bømlo kommune får dekt 55 prosent gjennom investeringstilskot frå Husbanken.
Multisensorar: Alle pasientromma har ein sensor i taket som kan registrera bestemte hendingar og aktivitetar.
Varsling: Systemet kan mellom anna varsla ved fall, når ein pasient går ut av rommet, eller når personen står opp av senga. Helsepersonellet tilpassar funksjonane til kvar enkelt pasient.
Digitalt tilsyn: Sensorane kan støtta målretta tilsyn og redusera behovet for unødige fysiske tilsyn, særleg om natta.
Alarm: Tryggleiksarmband eller alarmknapp kan senda varsel direkte til dei mobile arbeidsverktøya til personalet.
Mobile arbeidsverktøy: Dei tilsette får varsel på 50 vakttelefonar. Tolv oversiktstavler gir avdelingane ei samla oversikt.
Dører: Elektroniske dørhandtak kan gi individuelt tilpassa tilgang til rom og område.
Teknisk infrastruktur: Kommunen har oppgradert nettverket. Brannsentralen på Teiglandshagen er også oppgradert.
Personvern: Sensoren tek ikkje opp lyd. Kommunen skal berre bruka video ved særskilde behov og etter vedtak.
Opplæring: OneCo gjennomførte elleve opplæringsøkter for godt over 120 tilsette. Superbrukarar på avdelingane har fått utvida opplæring.
Kvifor: Det gamle systemet var over 20 år gammalt, hadde driftsproblem og mangla tilgang til nye reservedelar.
Målet: Større tryggleik, raskare hjelp, meir individuelt tilpassa oppfølging, færre unødige tilsyn og betre oversikt for personalet.
Oppfølging: Kommunen skal måla gevinstane etter seks og tolv månader.