Offentleg ettersyn av utbyggingsavtale for fortau ved industriområde Serklau

Bømlo kommune har framforhandla utbyggingsavtale med Moster Eigedom AS om gjennomføring av rekkefølgjekrav knytt til detaljregulering for industriområde Serklau i Mosterhamn (PlanID 202108). Avtalen omfattar opparbeiding av offentleg fortau (o_FO1-4) og utbetring av siktsone ved Dahlaneset (o_KV5).

kartskisse og bildemontasje langs veg - Klikk for stort biletePlankart og no-situasjon for gangveg i Serklau industriområde i Mosterhamn. Multiconsult

Utbyggingsavtalen er inngått med heimel i plan- og bygningslova kapittel 17. Før avtalen kan leggjast fram for endeleg behandling i kommunestyret, skal framforhandla avtale leggjast ut til offentleg ettersyn i minst 30 dagar, jf. plan- og bygningslova § 17-6.

Framlegg til utbyggingsavtale med vedlegg: 

Eventuelle merknader til avtalen må sendast skriftleg til Bømlo kommune innan 20. september 2026.

Merknader kan sendast til:

Bømlo kommune
Leirdalen 1
5430 Bremnes

eller på e-post til postmottak@bomlo.kommune.no

Merk uttalen med saksnummer 2025/7984.