Om å leva eit trygt og aktivt liv i eigen heim

Dei fleste av oss ønskjer å bu heime så lenge som mogleg. "Bu trygt heime"-reforma handlar om nettopp dette: å skapa gode bustader og miljø som gjer det mogleg å leva eit trygt og aktivt liv i eigen heim.  

infoplakat - Klikk for stort bilete

Sjå filmen Bo trygt hjemme-reformen

Kva er viktig å tenkje på?

Å bu trygt heime handlar om meir enn helse- og omsorgstenester.

  • Bustaden bør vera enkel å bruka også dersom helsa eller funksjonsevna endrar seg. 
  • Sosial kontakt er òg viktig. Eit aktivt nærmiljø med møteplassar, aktivitetar, trening/turmiljø og fellesskap bidreg til betre livskvalitet og kan gjera det lettare å klara seg heime lenger.
  • Vent ikkje for lenge
    Mange ventar med å tenkje på bustaden sin til utfordringane oppstår. Eit viktig bodskap i Bu trygt heime-reforma er at det løner seg å planleggja tidleg. Små tilpassingar i dag kan gjera stor forskjell seinare.

Du kan få støtte frå Husbanken

Visste du at Husbanken har ordningar som kan hjelpa deg med å tilpassa bustaden? Eldre og andre med behov for tilrettelegging kan søkja om økonomisk støtte til tiltak som gjer bustaden tryggare og meir tilgjengeleg. Husbanken har òg rettleiing for dei som ønskjer å planleggja framtidig bustadsituasjon. 

Ta kontakt med kommunen tlf. 53 42 30 00 eller sjå informasjon på Husbanken sine nettsider for å finna ut kva ordningar som kan passa for deg. Med litt planlegging kan fleire leva aktive, sjølvstendige og trygge liv i eigen heim lenger.  

Har du behov for å endre boligen din fordi du er eldre eller har nedsatt funksjonsevne? - Husbanken

Kjelder: Helsedirektoratet – Bu trygt heime, KS – Bu trygt heime, Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime. [helsedirektoratet.no],[regjeringen.no]