Omsorg pluss og berekraftige bustadar for framtida

Bømlo kommune arbeider no med siste del av rapporten i prosjektet Mandat 30–33 – Omsorg pluss og berekraftige bustadar for framtida. Mandatet vart politisk godkjent i utval for levekår 6. mai 2025, og rapporten skal ferdigstillast 1. oktober.

Målet med arbeidet er syne ei retning for å utvikle eit generasjonsvennleg tilbod med fokus på folkehelse for eldre, slik at fleire kan bu heime lengre og utsetje behovet for sjukeheimsplass.

Kva er Omsorg pluss

Me vert eldre og lever lengre. Me vil klare oss sjølv heime og bu trygt. Å bu heime kan bety å legge til rette der du bur, eller å etablere ein ny bustad tilpassa alderdom og funksjon.

I Noreg og på Bømlo vil me i framtida ha utfordringar med rekruttering av helsepersonell. For å sikre at me kan bu heime og ha tilstrekkeleg tilgang på helsepersonell, treng me berekraftige bustadar for framtida. Dette er bustad som er tilpassa din funksjon slik at du kan bevege deg rundt og nytte bustaden din.

Helsenorge skildrar omgrepet omsorgsbustad som ein bustad som er særskilt tilrettelagt for personar med omfattande pleie- og omsorgsbehov. Det er ikkje ein institusjon, men bebuaren sin eigen heim. Omsorgsbustaden kan vera eigd av kommunen, organisert som burettslag eller som sameige, og dersom du betalar husleige, er det mogleg å søkje om bustønad frå husbanken[1].

Arbeidsgruppa skal jf. punkt 30. arbeida med innhaldet i omgrepet omsorg pluss, og har danna ei skisse over tenkt oppdeling av nivå bustad som og vert kalla omsorgsbustad og omsorg pluss. Dette for å skilje dei ulike nivåa opp mot omsorgstrappa i helse[2]

Nivå 1 - Bustad 

Innbyggjar tek sjølve initiativ til å skaffe bustad, gjennom kjøp eller leige på det private markedet. Bustaden kan vere enkelt tilrettelagt gjennom universell utforming og tilkomst. Bustadar med fellesfunksjonar og nye buformer må me i Bømlo vera meir nysgjerrige på. Du kan sjølv leggje til rette for at bustaden er meir tenleg til deg ved å velgje bustad terskelfritt, med trinnfri tilkomst, med funksjonelle rom og på eitt plan.

Nivå 2 - Omsorgsbustad

Omsorgsbustad i kommunal regi skal vera eit tilbod knytt til behov for tilrettelagt bustad og helsehjelp. Bustaden har tydelege føringar for optimal tilrettelegging, med universell tilkomst og utforming, og ingen vedlikehaldsoppgåver. Nivå 2 ligg primært nær heimebaserte basar og servicetilbod. Tenestekontoret gjev vedtak om bustad, og behovsstyrte helsehjelpstenester.

Nivå 3 - Omsorg pluss bustad

I Bømlo ynskjer me at eldre skal bu trygt heime lengre, oppleve livsmeistring og vera i fellesskap med andre. Nivå 3 er tilnærma utforma etter kriteria for vanlege omsorgsbustadar. Nivå 3 har tilhøyrande fellesareal og tryggleiksbemanning/ambulerande personaldekning, og er tilrettelagt for tenestemottakarar med meir omfattande og samansette hjelpebehov.

Nivå 4 - Korttid- og langtidsplass på sjukeheim

Pasientar som har behov for hjelp knytt til komplekse, langvarige og kontinuerlege helseutfordringar, vil bli vurdert for vedtak  på korttid- eller langtidsplass ved Bømlo Bu- og Helsesenter eller Teiglandshagen. Det kan til dømes vere på grunn av langtkomen demens,  høg grad av uro eller langvarige helseutfordringar. Brukarsamansetninga ved sjukeheim gjev at det er behov for høg del fagkompetanse gjennom døgnet for å sikre ivaretaking av målgruppa.

Sykehjem og omsorgsbolig - Helsenorge

NOU 2023: 4 - regjeringen.no

illustrasjon ulik nivå omsorgstilbod - Klikk for stort bileteFigur 2 oversikt over nivå av omsorgstilbod i Bømlo, utarbeida av arbeidsgruppa.