Bømlo kommune sin søknad peikar på at Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter har eit nasjonalt ansvar for formidling av kristninga av Norge, innføringa av Kristenretten og sentrale demokratiske verdiar. Kommunen har saman med medeigar Vestland Fylkeskommune eit stort eigaransvar. Bømlo kommunestyre sluttar seg til søknaden frå Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter AS om årleg, indeksregulert driftstilskot over statsbudsjettet gjennom Kultur- og likestillingsdepartementet.
Endrar ikkje revidert budsjett
Formannskapet var samrøystes i saka om budsjettrevisjon 1. halvår 2026 og kommunedirektøren sitt framlegg. Det ber kommunestyret ta saka til orientering. Vidare at kommunestyret er kjend med prognose som viser meirforbruk i 2026, men finn likevel ikkje grunnlag for å gjera endringar i revidert budsjett 2026 på noverande tidspunkt. Årsbudsjettet for 2026, vedteke i kommunestyret i desember 2025, vert vidareført uendra. Vurderinga er gjort med utgangspunkt i kravet til balanse og realisme i kommunelova, og med sikte på at budsjettet skal kunne stå seg i ein eventuell lovlegheitskontroll.
Orienterte om omsorgsbustadar
Prosjektutviklar Ane Agdestein orienterte om buprosjekt i kommunen til formannskapet.
Simon Knutsson Sortland
Prosjektutviklar Ane Agdestein orientert formannskapet om fleire pågåande bustadprosjekt i kommunen. Målet er å møte ei tydeleg utvikling der fleire eldre og større press på tenestene krev nye løysingar. Samla sett viser prosjekta ei retning der kommunen satsar på fleire tilrettelagde bustadar og nye buformer. Slik kan fleire bu lengre heime med tilpassa oppfølging, og behovet for institusjonsplassar kan avlastast over tid.
Prosjektet rundt Teiglandshagen er det som ligg lengst framme i planlegginga, og som samstundes kan få størst strukturell betydning. - Me ser på å utvida eksisterande sjukeheim med eit nybygg som bind saman dagens demensavdeling og aktivitetssenter. Det er planlagt ei skjerma eining for personar med demens, fleire omsorg+-bustadar og eit betre uteområde, fortel Agdestein.
Ordførar Morten Helland orienterer om prosjektide for omsorgpluss bustadar og anna på Moster.
Simon Knutsson Sortland
Prosjektet heng tett saman med utviklinga av Moster sentrum der private aktørar ønskjer å bidra med bustader med livsløpsstandard. Før ein kan starte bygging, må reguleringsarbeidet avklarast, og kommunen står no overfor fleire alternativ for planavgrensing, som vil påverke både framdrift og omfang.
12 omsorg +-bustadar
På Svortland er arbeidet knytt til Sokkelen ved Bømlo bu- og helsesenter (BBH). 14 eksisterande omsorgsbustadar skal gjerast om til 12 omsorg +-bustadar, ein personalbase og éi fellesstove. Prosjektet byggjer vidare på eksisterande omsorgsbustadar, som skal oppgraderast og tilpassast ei omsorg+-løysing med fellesareal og personalbase.
- Det er søkt om investeringsmidlar frå Husbanken, og prosjektet er lyst ut på anbod med planlagt byggestart hausten 2026. - I denne fasen arbeider ein særleg med å finne gode mellombelse løysingar for bebuarane under gjennomføringa, understreka Agdestein.
Ho tok også med at ei eiga arbeidsgruppe er satt ned for oppfølging av arbeidet knytt til utviklinga av den gamle ungdomsskuletomta på Svortland. Her er det lagt opp til ein konseptkonkurranse der ein ser føre seg utvikling av eit generasjonsvennleg samfunn med kombinasjon av næring, bustad og rekreasjon, utbygd anten kommunalt eller privat.
I Langevåg handlar utviklinga av Bømlo omsorgstun (BOT) i første omgang om betre bruk av eksisterande bygg. Kommunen har etablert samarbeid med Langevåg i Vekst for å skape meir aktivitet, styrke møteplassar og gjere bustadane meir attraktive. Samstundes skal dette arbeidet gi eit betre kunnskapsgrunnlag for vidare avgjerder om korleis omsorgstunet skal utviklast på lengre sik, fortalde prosjektutviklar Agdestein.