Først ute er Ungdomsrådet som møter måndag kl. 10. 00 før kommunestyret held sitt møte kl. 16.00 måndag 28. april. Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har møte onsdag 30 mai. Utvala for levekår og areal og samferdsle har møte høvesvis 6. og 7. mai med formannskapet på fredag 9. mai.
For detaljar om møtene og innkallingane - trykk her
Omsorg pluss
Kommunestyret har vedtatt at ein skal sjå på og skape eit berekraftig tilbod for eldre i form av omsorg pluss. Ein skal i arbeidet definere kva eit slikt tilbod skal innehalde, korleis det skal verta tilpassa og kva som evt. kan vere tenleg å ha nært av tilhøyrande servicetilbod. I arbeidet skal ein greia ut dimensjonering og framlegg til praktiske løysingar, samt sjå dette tilbodet i ein heilskap som tar omsyn til rekruttering, kompetanse, tenesteutvikling og bruk av velferdsteknologi. I arbeidet skal det kome fram eit forslag til prioritering for å oppnå kortsiktige resultat, og kva som må inn i ulike fasar på lengre sikt.
Handlingsplan HSO 2025-2026 har også handlingspunkt ( punkt 8 og 9) som gjeld «Bu trygt heime» reforma samt punkt om korleis Bømlo kommune « bør bistå med tilrettelegging av bustader til eldre og personar med nedsett funksjonsevne . Arbeide med berekraftige bustader for framtida ( omsorg pluss), må sjåast i samanheng med dette. Vidare gjorde Utval for levekår i møte den 18.02.25 vedtak i sak «Bustadstruktur og samhandling» (mandat 22) som i hovudsak rettar seg mot personar med utviklingshemming, men og andre med samansette behov.
Kommunediretøren tilrår utvalet å godkjenne mandatet med strategisk leiargruppe som styringsgruppe.
Føreslår å avvikla refusjonsordning
Kommunen er lovpålagt å sikra «fri grav» på gravplass i kommunen for innbyggjarane, eller gratis grav på utpeikt stad i kommunen. Bømlo kommune har i mange år refundert kremasjonsavgifta og kostnaden knytt til frakt av urna, som eit insentiv for å få opp tal urnegravleggingar som alternativ til kistegrav.
Refusjonsordninga for kremasjonar er truleg ikkje drivande for at folk vel kremasjon framføre vanleg kistegravferd. På denne bakgrunn har Kyrkjeleg fellesråd gått inn for å avvikla ordninga og heller nytta midlane til kremasjonsfremjande tiltak.
På denne bakgrunn tilrår kommunedirektøren følgjande:
1. Kommunestyret i Bømlo vedtek å avvikla refusjonsordninga for kremasjonsavgift for kremasjonar gjennomført etter 1. juni 2025.
2. Kommunestyret i Bømlo vedtek å oppretthalda budsjetteringa til Kyrkjeleg fellesråd. Midlane skal gå til kremasjonsfremjande tiltak.
3. Kommunestyret i Bømlo ber Kyrkjeleg fellesråd rapportera på utviklinga rundt val av kremasjonar etter avvikling av refusjonsordninga. Informasjonen skal sendast til kommunedirektør innan 1. juni 2026, slik at ordninga kan evaluerast og eventuelt leggjast fram for kommunestyret på nytt.