Oppgradert sentralbord i kommunen

Måndag 10. november set Bømlo kommune i drift sitt oppgraderte sentralbord. - Målet er å gjera tenestene våre enda meir brukarvennlege og effektive, seier spesialkonsulent Silje Eriksen Oldereide i Fellessekretariatet.

kvinne med headset foran pc-skjerm - Klikk for stort bileteSpesialkonsulent Silje Eriksen Oldereide i Fellesekretariatet er blant operatørane på Bømlo kommune sitt sentralbord. Simon Knutsson Sortland

Hovudnummeret til Bømlo kommune 53 42 30 00 har fått fleire tasteval. Det er seks hovudval med underval, totalt 25 tasteval. Eit hovudmål med endringa er at det skal bli enklare å koma i kontakt med rett avdeling. 

Nye opningstider

Det vert også endra telefontider. Dei nye telefontidene for hovudnummeret er klokka 09.30-11.00 og 12.30-14.30. Det er ulike opningstider i ulike avdelingar, men dette vert opplyst om når du gjer ditt tasteval.

Oppsettet er basert på kva avdelingar som får flest førespurnader ifølgje vår statistikk. 

Dei seks hovudvala er:

  • Økonomi
  • Tekniske tenester 
  • Helse og omsorg
  • Kyrkja
  • Kultur og innbyggjartorg
  • Sentralbord 

Tastar du til dømes tekniske tenester får du vala:

Kart og oppmåling - Reguleringsplan - Byggjesak og deling - Eigedomsskatt - Teknisk drift - Brann førebyggjande - Landbruk - Miljø

Ny teknologi for betre tenester

Bømlo kommune har dei siste åra jobba målretta med å ta i bruk ny teknologi for å styrka tenestene sine. Målet er å gjera kvardagen enklare og tryggare – både for innbyggjarar og tilsette.

Kommunen har testa ut fleire digitale verktøy som brukar kunstig intelligens (KI). Mellom anna har me brukt den digitale hjelparen KommuneKari, og prøvd ut verktøy i skulen som kan gi betre oppfølging av elevar. Tilsette har fått tilgang til Copilot Chat og andre program som hjelper med planlegging, skriving og analyse.

Velferdsteknologi som gir tryggleik

Saman med Stord, Fitjar og Kvinnherad har Bømlo utvikla og kjøpt inn teknologi som gir betre tryggleik for brukarar av helse- og omsorgstenester. Nokre døme:

  • Medisinmaskinar som minner brukarar om å ta medisinen sin. Dette har spart kommunen for over 1,5 millionar kroner.
  • GPS og sensorar som gir tryggleik for personar med svekka hukommelse.
  • Digitalt tilsyn som gjer at tilsette kan følgje med utan å vere fysisk til stades.
  • Varsling via GPS som gir tryggleik for dei som jobbar ute.