Oppstart av planarbeid med Detaljregulering for naust og fritidsbustadar i Søre og Nordre Naustbakken på gnr. 11 bnr 108 mfl., PlanID: 202507

Arbeid med ny reguleringsplan er starta opp. Frist for innspel er 07.10.2026. 

Ing. Øyvind Jørgensen AS, varslar på oppdrag frå tre grunneigarar, at ein startar opp eit planarbeid. Planarbeidet gjeld «Detaljregulering for naust og fritidsbustadar i Søre- og Nordre Naustbakken» (PlanID: 202507) i Bømlo kommune. Planarbeidet vert varsla i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8.

Planstatus og føremål

Planområdet har ikkje vore regulert tidlegare. I arealdelen til kommuneplanen er eigedomane vist med føremål bustad, naust, fritidsbustad og landbruk, natur, friluftsområde og reindrift (LNFR) og hamneområde. Planområdet er innafor 100 meters sone til sjø.

Formålet med planen er å lage ein detaljregulering for ei fortetting av det eksisterande naustmiljøet der det i kommuneplan er gitt opning for naust, samt få ei løysing for to fridtidbustader der det er gitt opning for fritidsbustader. I område som er satt av til bustad, er det ikkje ynskje om å regulere for det formålet. Det vert i staden satt av til eit naturområde, som vil fungere som ein buffer mellom eksisterande bustader i Nordre Naustbakken, og framtidig utviding av naustområdet i Nordre Naustbakken. LNFR området vil i plan forbli LNFR område og underformål etter §12- 5 nr.5 Landbruk, Natur, Friluftsområde og Reindrift. Ein ynskjer å kunne ha båtplassar ved naustområdet. I planarbeidet vil ein ha eit stort fokus på å få stadstilpassa løysingar, der ein spesielt tar omsyn til dei eldre nausta som er i området. Ein ynskjer også ta vare på stadlege kvalitetar ved sjø.

Ein ynskjer generelt gjera areala ved sjø, meir tilgjengeleg for folk og ta vare på den del av område som i kommuneplan er satt av til LNFR område. Ein ynskjer betre gangforbindelsar der det før berre har vore sti og lite tilgjengeleg/framkomeleg landskap. Ein ynskjer at Søre- og Nordre Naustbakken vert bunde saman med ein turveg som er litt betre enn ein traktorveg gjennom LNFR området, og at ein har gangveg gjennom naustområdet i Nordre Naustbakken.

Forslag til planføremål er; fritidsbustader- konsentrert, småbåthamn i sjø i sjø og vassdrag, småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, uthus/naust/badehus, uteopphaldsareal, veg, gangveg, anna vegareal- grøntareal, parkeringsplassar, naturområde- grønstruktur, turveg, badeplass, LNFR område, naturformål, ferdsel i sjø, naturområde i sjø og vassdrag, samt badeområde. Eit eksisterande naust vil også bli regulert med ei omsynssone H570 Bevaring kulturmiljø.

Planområde

Planområdet er hovudsakleg avgrensa ved eigedomsgrenser og formålsgrenser som er satt i kommuneplan for Søre og Nordre Naustbakken og vist på kart.

Kartutsnitt som viser avgrensinga av planen - Klikk for stort bileteUtsnitt av plangrense (svart stipla linje)

Tilkomstveg i Nordre Naustbakken er ein kommunal veg, og i Søre Naustbakken er heile den private vegen fram til fylkesvegen Mostravegen, tatt med i planområdet. Dette for å sikre i plan at det vert god nok beredskapsveg til dei to fritidsbustadane og eksisterande bustadar. Planområdet er 20,6 daa, og omfattar både areal på land og i sjø. Den kommunale vegen Nordre Naustbakken er nyleg utbetra av Bømlo kommune, og er ein einfeltsveg, med tilfredsstillande vegbreidde med tanke på beredskap. Planområdet er utvida noko etter politisk vedtak om oppstart. Dette delvis på grunn av tilråding frå kommunen.

Viktige utgreiingar

I planomtale vil det bli kasta lys over konsekvensar av planen, og det skal utarbeidast risiko- og sårbarheit vurdering.

Me ynsker dine innspel

Du kan sitte på viktig kunnskap som kan ha verknad på planarbeidet. Me ber deg difor om å sette deg inn i plandokumenta som ligg under.
Vidare ber vi deg om å kome med merknadar til planarbeidet, dersom det er noko ein bør vera merksam på.

Merknadar kan sendast til Ing. Øyvind Jørgensen pr. brev til:
ING. ØYVIND JØRGENSEN AS, 
Pb. 1286, 5412 Stord
Kontaktperson: Gro Fagerbakke Tesdal.

Eller pr. e-post til post@ingjorgens.no

Merk gjerne brev og/eller e-posten med «PlanID: 202507 Søre og Nordre Naustbakken»

Det er satt ein frist på fire veker for å kome med merknadar til planarbeidet, fram til onsdag 07.10.2026
Ta gjerne også kontakt med Ing. Øyvind Jørgensen om du har spørsmål til arbeidet eller om noko er uklart med dette varsel.
 

Plandokumenta

Dokumenta under er ikkje endra etter at plangrensa vart justert. Sjå kartutsnittet over for å sjå avgrensinga som vert varsla.