Bømlo ungdomsråd ved nestleiar Karl Magnus Tollaksvik overrekkjer ordførar Morten Helland dei "Ti ordvettreglane" i kommunestyremøtet etter presentasjonen der også ungdomsrådsmedlem Maren Noremark (t.v) og verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta og Maren Laurhammer Gilje ved Bømlo Vaksenopplæring var med.
Simon Knutsson Sortland
Ordførar Morten Helland og Bømlo ungdomsråd ønskjer velkomen før kommunen presenterer filmane og ressursane som er utvikla til prosjektet. Kommunepsykolog Øivind Johnsen og kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen held eit faginnlegg om korleis nettet og skjermvanar kan forma sjølvbilete, relasjonar og psykososial helse. Verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta er konferansier for arrangementet som vert avrunda av kommunalsjef for oppvekst kultur og idrett Torunn Laurhammer. Det blir òg enkel servering gjennom kvelden.
Ti køyrereglar for god språkbruk
Ordet fangar er eit langsiktig arbeid for å førebyggja rasisme, mobbing, hatprat og utanforskap, og byggjer på ei tydeleg tilbakemelding frå ungdomane sjølve: Dei opplever at språket har blitt hardare, både på skulen og i sosiale medium. Prosjektet har samla born, unge og vaksne om å laga ti køyrereglar for god språkbruk – eit uttrykk for korleis me vil ha det på Bømlo, med respekt, nysgjerrigheit og forståing for kvarandre.
Bakgrunnen for arbeidet er funn frå mellom anna Ungdata og andre elevundersøkingar, som viser at språk og digitale vanar heng tett saman med trivsel og tryggleik. Prosjektet skal inn som del av kommunalt planverk, og er utvikla som ein «digital og levande» prosess der filmar og nettressursar skal bidra til vidare arbeid ute i organisasjonar, lag og barnehagar.
Ungdomane har vore sentrale heile vegen, og dei oppmodar spesielt vaksne om å ikkje la sårande språk gli forbi. Ordet fangar står saman med Me høyre te som ein del av kommunen sitt breiare arbeid for eit inkluderande og mangfaldig lokalsamfunn.
Kveldssamlinga måndag 9. februar er retta mot tilsette i barnehagar og frivillige lag og organisasjonar, men alle interesserte er velkomne til å delta. Arrangementet er gratis, startar klokka 18.00 og varer til klokka 21.00 i Bømlo kulturhus.