Møte i det kommunale beredskapsrådet fredag 25. september.
Simon Knutsson Sortland
I eit brev til Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald vest i Statens vegvesen, peikar Morten Helland på at politi, kommunar, brannvesen og andre beredskapsaktørar er samde om at tiltak som kan auka tryggleiken og betra trafikkflyten i tunnelen må ha høg prioritet.
Må redusera behovet for tunnelstengingar
- Bømlafjordtunnelen er heilt avgjerande for innbyggjarane våre, næringslivet og beredskapen i regionen. Me må gjera det me kan for å redusera behovet for stenging og sikra betre trafikkavvikling når det oppstår hendingar, seier Helland.
Helland viser til at han tok opp spørsmålet om køyrefeltsignal då transport- og kommunikasjonskomiteen besøkte Stord tidlegare i år. No følgjer kommunane opp saka gjennom det interkommunale politirådet.
I brevet oppmodar han Statens vegvesen om å starta førebuande arbeid, slik at ein raskt kan setja tiltaket i verk dersom finansiering kjem på plass.
Beredskapen var tema under tunneløving
Nylegdeltok ordførarane i Bømlo, Stord og Sveio som observatørar under ei beredskapsøving i Bømlafjordtunnelen. - Det var nyttig å sjå korleis frivillige mannskap, politi, brannvesen, Vegtrafikksentralen, Statens vegvesen og andre aktørar samarbeider når det oppstår hendingar, seier Helland.
Under øvinga løfta fleire fram køyrefeltsignal som eit viktig tiltak ved mindre hendingar og kortare stengingar.
Politirådet står samla
Vegtrafikksentralen kan styra trafikken og setja ned fartsgrensa ved bilberging, vedlikehald eller gjenstandar i vegbana.
Bård Asle Nordbø, Statens vegvesen
I uttalen frå det interkommunale politirådet for Stord, Fitjar og Bømlo heiter det at køyrefeltsignal vil styrkja både trafikktryggleiken og beredskapen i regionen. Statistikk frå 2024 viser at Bømlafjordtunnelen var stengd 84 gonger, med ei samla stengingstid på 12 265 minutt. Mange av stengingane skuldast mindre hendingar som krev at tunnelen vert stengd medan situasjonen blir avklart.
Politirådet peikar på at ei stenging i praksis stengjer hovudvegforbindinga til Bømlo. Det kan skapa utfordringar for innbyggjarar, næringsliv og beredskapsaktørar, og samstundes føra til trafikale utfordringar på Stord. Rådet viser òg til erfaringar frå Byfjordtunnelane i Rogaland, der køyrefeltsignal har gitt meir fleksibel trafikkavvikling og redusert behovet for full stenging ved mindre hendingar.
- Dette er eit konkret og målretta tiltak som kan styrkja både tryggleiken, framkoma og beredskapen i regionen. Difor håpar me Statens vegvesen vil prioritera saka, seier Helland. Politirådet har også bede Statens vegvesen svara på kva beredskapsplanar dei har dersom Bømlafjordtunnelen blir stengd over lengre tid.
- Omkøyringsmoglegheitene er få og kapasiteten er avgrensa. Difor er det viktig å få avklart korleis ei langvarig stenging skal handterast, seier Helland.
Totalberedskapsåret og eigenberedskap
Haavard Stensvand hjå Statsforvaltaren orienterte om bakteppet for Totalberedskapsåret 2026.
Simon Knutsson Sortland
Ordføraren leia også nyleg det kommunale beredskapsådet sitt møte der også fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand deltok. Kommune, næringsliv, politi, forsvar, Røde Kors og andre fekk først ei orientering frå dagleg leiar Arne Bjelland i BVA om korleis beredskapen vår fungerer når vatnet blir borte frå springen. Deretter hadde fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand ei økt om «Beredskapsråd i krig og fred», før dagen vart avslutta med ei felles øving/drøfting av scenario. 2026 er Totalberedskapsåret.
- Å få etablert gode samarbeid mellom ulike aktørar i kommunen og regionen, og ikkje minst øva i lag, er veldig viktig for å styrka beredskapen vår. Frå Ukraina har me lært at kommunar var og er veldig viktige i beredskapssamanheng. Eg vonar sjølvsagt me aldri kjem dit, men me må vere godt førebude om det skjer, understrekar ordførar Morten Helland.
Eigenberedskapen hjå kvar og ein av oss vart også understreka at er viktig. Minnar difor om Eigenberedskapsveka 2026 som er måndag 26. oktober til sundag 1. november, altså veke 44. Årets tema er krisekommunikasjon når mobilnettet og internett ikkje fungerer.