Ordføraren: Fryktar konsekvensane av nedtrekk i havbruksnæringa

Nedtrekket i havbruket i vår region kan få store konsekvensar for kommunane langs kysten. Saman med vedtaket om at det berre er lagt opp til vekst i 3 av 13 områder kan føra til langt mindre inntekter for kommunane enn det finansdepartementet har gitt signal om tidlegare. Det kan for Bømlo sin del utgjere opp mot 20 millionar mindre enn forventa i 2026.

industriområde ved sjø - Klikk for stort bileteIndustri tilknytt havbruksnæringa, slik som her på Serklau industriområde, vil kunna merka eit nedtrekk. Scale AQ

– Dette er ikkje berre ei utfordring for havbruksnæringa. Det er ei utfordring for heile kysten. Når aktiviteten blir redusert, svekkjer vi grunnlaget for arbeidsplassar, kommunale inntekter og vidare utvikling i lokalsamfunna våre, seier ordførar Morten Helland.

Han held fram at næringa jobbar svært godt med berekraft og fiskevelferd, men tiltaka som har vore satt inn må også få tid til å verka. Då trengs det meir føreseielege rammevilkår frå staten si side for næringa og kystkommunane der aktiviteten skjer.

På vegne av Sunnhordlandsrådet, som Helland er leiar for, har han sendt inn eit opprop til Nærings- og fiskeridepartementet om nedtrekket i havbruksnæringa.

Opprop: Nedtrekk i havbruksnæringa får store konsekvensar for kystsamfunna

Sunnhordlandsrådet IPR, som representerer kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes, oppmodar Nærings- og fiskeridepartementet om å stanse ytterlegare nedjustering av MTB gjennom kapasitetsjusteringsforskrifta og sikre meir føreseielege rammevilkår for havbruksnæringa.

Havbruksnæringa er ein berebjelke for verdiskaping, sysselsetting og næringsutvikling i Sunnhordland. Endringar i produksjonskapasiteten får direkte konsekvensar for aktivitet, investeringar og framtidstru i næringa, og dermed også for arbeidsplassar og utvikling i kystkommunane. Havbruksinntektene er og ei viktig inntektskjelde for kommunane, og bidrar til at vi kan leggje til rette for denne næringa i distriktet.

Bakgrunn
Fleire kommunar i Sunnhordland er varsla å få betydeleg lågare inntekter frå havbruksfondet og produksjonsavgifta enn det som låg til grunn i vedtekne budsjett for 2026. Dette er ein direkte konsekvens av redusert produksjonskapasitet i produksjonsområde 3 (PO3).

Bømlo kommune fryktar eit inntektsbortfall på inntil 20 millionar kroner. For Tysnes og Kvinnherad viser berekningane høvesvis om lag 13 og 24 millionar kroner i reduserte inntekter. Nedtrekket rammar ikkje berre kommunane sine inntekter. Lågare produksjon svekkjer grunnlaget for verdiskaping i ei næring som er avgjerande for sysselsetting og aktivitet langs heile kysten. Ringverknadene omfattar oppdrettsselskapa, leverandørindustrien, transportnæringa, serviceverksemder og ei rekkje andre arbeidsplassar som er knytte til havbruksnæringa.

Dette kjem i ei tid der mange lokalsamfunn arbeider aktivt for å sikre vekst, rekruttering og busetjing. Når rammevilkåra for ei av dei viktigaste næringane i regionen vert svekte, reduserer det både investeringsviljen og moglegheitene for vidare utvikling.

Forslag til tiltak

Sunnhordlandsrådet ber Nærings- og fiskeridepartementet om:
1. Å anerkjenne vertskommunane si sentrale rolle som tilretteleggjarar for havbruksnæringa, og sikre at ordningane rundt næringa framleis stimulerer til lokal verdiskaping og utvikling.
2. Å gjennomføre ei heilskapleg vurdering av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av nedtrekk i produksjonskapasiteten, inkludert effektane for arbeidsplassar, leverandørindustri, investeringar og lokalsamfunn langs kysten.
3. Å snarleg få på plass meir føreseielege og langsiktige rammer for havbruksnæringa, inkludert ei meir heilskapleg forvaltning av næringa. Det er behov for klare styringsliner og eit tydeleg nasjonalt ansvar som sikrar både berekraftig vekst og stabile rammevilkår for kystkommunane.

Sunnhordlandsrådet meiner at ei berekraftig havbruksnæring med moglegheit for vekst er avgjerande for arbeidsplassar, verdiskaping og levande kystsamfunn. Vidare nedtrekk i produksjonskapasiteten i PO3 vil få konsekvensar langt utover sjølve oppdrettsnæringa, og svekkje grunnlaget for vekst og utvikling i regionen.