Godt frammøte på ein tidlegare ordførarkaffi, der ordførar Morten Helland ønskte nye bømlingar velkomne og orienterte om kommunen. (Arkivfoto)
Simon Knutsson Sortland
Ordførarkaffien har lange tradisjonar i Bømlo kommune og blir arrangert to gonger i året, vår og haust. Målet er å ønskja nye innbyggjarar velkomne og gje dei ein uformell møteplass der dei kan bli litt betre kjende med kommunen og lokalsamfunnet.
Viktig å ønskja nye bømlingar velkomne
– Me ønskjer at alle som kjem til kommunen vår og vil bu og arbeida her, skal kjenna seg velkomne. De er viktige for Bømlo, og me ønskjer å ta godt imot dykk, seier ordførar Morten Helland.
Samlinga er uformell, med informasjon, samtale og høve til å bli kjent med andre som er nye i kommunen. Dei inviterte får også høve til å fortelja kvifor dei flytta til Bømlo, kva dei set pris på ved å bu her og kva som kan gjera Bømlo til ein endå betre bustadkommune.
Ordførarkaffien har gjennom åra hatt litt ulik form, men møtet mellom nye innbyggjarar og kommunen har heile tida stått sentralt. Arrangementet innehheld informasjon om kommunen, dialog, mat og mingling.
Fekk du invitasjon tidlegare?
Kommunen ønskjer også å opna døra for dei som har fått invitasjon til ein tidlegare ordførarkaffi, men som av ulike grunnar ikkje hadde høve til å delta.
– Har du fått invitasjon tidlegare, men ikkje hatt høve til å koma, er du hjarteleg velkomen denne gongen. Meld deg på, så håpar me å sjå deg 11. november, seier Morten Helland.
Ordførarkaffien er onsdag 11. november klokka 18.00 i kommunestyresalen. Påmelding skjer på e-post til postmottak@bomlo.kommune.no eller på telefon 53 42 30 00 (tast 6).