Orienterte om omorganiseringa i heimetenesta

Utval for levekår hadde berre ei politisk sak på møtekartet men fekk god informasjon vedrørande omorganisering av heimetenestene og prosessen rundt flytting av sjukeheimspasientar og dagtilbod.

to damer presenterer for politisk møte - Klikk for stort bileteAvdelingsleiar Elin Akse Vik og verksemdsleiar Hilde Markhus orienterte om reorganiseringa til Utval for levekår. Simon Knutsson Sortland

Innkalling og protokoll frå møte i Utval for levekår 21.01.2025 – her er også spørsmål og svar som kom fram i møtet.

Verksemdsleiar Hilde Markhus og avdelingsleiar sone sør Elin Akse Vik i Bømlo heimetenester orienterte utvalet om dei allsidige oppgåvene helsepersonellet vårt utfører dagleg over heile kommunen. Markhus synte til kommunestyrevedtaket den 17. juni der samorganiseringa av heimetenestene vart bestemt. 

Effektiv og fleksibel drift med bruk av basar på Bømlo omsorgstun (BOT), Moster Servicesenter og Bømlo bu- og helsesenter (BBH), samt geografisk nærleik til brukarane og minst mogleg køyring vart poengtert i vedtaket. To millionar kroner av fristilte midlar skal brukast til å styrkja heimetenestene, byggja opp desentraliserte aktivitetstilbod, fleksible avlastningsordningar og førebyggjande tiltak. Dagtilbodet ved Bømlo omsorgstun skal styrkjast.

Styrka kompetanse og auka handlingsrom

- Desse to millionane  og samorganisering av heimetenestene har styrka nattpatruljen, kompetansen på dag/kveld/helg/natt totalt i heimetenestene og styrking av avdelingsleiar, framheva Markhus.

Samorganisering og oppbygging av ytterlegare ei geografisk sone har ført til mindre geografiske områder i dagens soner med færre arbeidslister og færre brukarar i dei ulike sonene. Vidare er dagtilbodet ved Bømlo omsorgstun no styrka frå 1-2 dagar og med organisere ambulerande/fleksible avlastningsordningar

- Eit auka handlingsrom i sone aust håpar me vil føra til at ein kan byggja opp eit dagtilbod i Moster Servicesenter, 2 til 3 dagar pr veke samt organisere ambulerande/fleksible avlastningsordningar. For sone sentrum håpar me det auka handlingsrommet vil føra til at me kan styrkja dagtilbodet i Trivselshuset frå 5-6 dagar pr veke, samt auka opp ambulerande/fleksible avlastningsordningar, seier Markhus. Ho understreka også at dei tilsette gjer ein formidabel innsats og syner seg særs tilpasninsgdyktige.

politisk møte med mange rund bordet - Klikk for stort bileteNestleiar Georg Lønning leia tval for levekår 21. januar. Simon Knutsson Sortland

Vidare opplyste verksemdsleiaren at personar som er godkjent for sjukeheimsplass blir ivaretatt av heimetenesta, eventuelt på korttidsplass slik det også har vore før, i påvente av fast plass. Det er for tida stort press på våre institusjonsplassar og heimetenester til trass for at Bømlo kommune har omlag like mange plassar i drift som i 2024. Det er ikkje uvanleg at det periodevis gjennom året  er ekstra press på institusjonsplassar og heimetenester. Ved overføringa i starten av året er det oppretthalde seks ekstra institusjonsplassar utover dei 91 plassane som er planlagt tal for 2025. Det vert arbeidd med konkrete planar om styrking av tenester utanfor institusjon, herunder arbeid med omsorg + bustad. 

Stor innsats frå tilsette

Kommunalsjef helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal opplyste i si orientering at personale ved BOT som skal over i ny stilling no er starta opp i nye stillingar. - BBH har tilrettelagt for mottak av pasientar frå BOT. Overføring av brukarar tredje veka i januar ser ut til å ha gått fint og det er lagt til rette for fleksible løysingar. Det er utført eit omfattande arbeid for å leggja til rette for denne omstillinga, og med ein kort tidshorisont for gjennomføring på berre fire-fem månadar.  

Mellesdal meiner difor det er stor grunn til å takke leiarar, tilsette, tillitsvalde, verneombodet for ein formidabel innsats.  - Tilsette på BOT har på ein særs god måte halde oppe drifta på BOT heilt fram til siste langtidsbebuar vart overflytta til BBH. Tilsette ved BBH har lagt ned eit stort arbeid for for å legge til rette for ei god mottaking av brukarane frå BOT. Bømlo heimetenester har aktivt planlagt og gjennomført ei ny organisering for å dekke også heimebuande i Langevåg-området, påpeikar kommunalsjefen.

- Me må pårekne å bruke våren 2025 for at ny organisering skal gå seg til, seier Mellesdal.

Saksliste og protokoll frå møte i kommunestyret 17.06.2024

Utdrag av kommunestyrevedtaket som gjekk spesifikt på heimetenesta:

Pkt. 2.

Heimetenestene på Søra Bømlo blir samorganiserte med Bømlo heimeteneste frå 01.01.25. Arbeid med omstilling skal starta innan 01.09.24. Det er viktig å sikra effektiv drift av heimetenestene med geografisk nærleik til brukarane og minst mogleg køyring. Heimetenestene må driftast fleksibelt og med bruk av basar på Bømlo omsorgstun, Moster Servicesenter og Bømlo bu- og helsesenter.

Pkt. 3. 

2 mill. kr. av midlane som blir fristilt skal brukast til å styrkja heimetenestene, byggja opp desentraliserte aktivitetstilbod, fleksible avlastningsordningar – førebyggjande tiltak. Dagtilbodet ved Bømlo omsorgstun skal styrkjast. 

Til toppen