To brannkonstablar framme ved person fastklemt under steinblokk på øvinga i Ramnabrotet.
Simon Knutsson Sortland
Mannskap frå hovudbrannstasjonen på Svortland gjennomførte to separate redningsøvingar ved Ravnabrotet, éi tysdag og éi onsdag.
Hovudoppdraget var å redda ein pasient som låg fastklemd under ei stor steinblokk på ein avsats i fjellet. Det vart simulert at det var om lag 15 meter ned til pasienten. Før mannskapa kunne rappellera ned, måtte dei først sikra seg sjølve og området.
– Dei må vera trygge sjølve før dei kan gå ned og hjelpa pasienten, understrekar beredskapsleiar Frode Sagvaag.
Deretter måtte mannskapa rappellera ned med utstyret dei trong for å løfta steinblokka, frigjera pasienten og få vedkommande trygt opp frå avsatsen.
Fekk eit ekstra oppdrag
Mannskapa visste ikkje alt som venta dei då øvinga starta.Under øvinga fekk dei også melding om at ein person var observert i sjøen. Dermed fekk dei eit ekstra oppdrag å handtera samstundes som redningsaksjonen i fjellet pågjekk. Det uventa elementet var lagt inn med vilje.
Sagvaag peikar på at ei øving bør skapa noko av det same presset som mannskapa kan møta i ei verkeleg hending. Då må dei vurdera ny informasjon, prioritera og fordela ressursane medan situasjonen utviklar seg. Han spela også ein plagsam og svært uroa tilskodar som masa på redningsfolka for nettopp å trena dei på dette.
Trenar på heile situasjonen
Øvingane handla dermed om meir enn rappellering og bruk av redningsutstyr. Mannskapa måtte sikra skadestaden, ta vare på eigen tryggleik, vurdera risiko, samarbeida og løysa fleire oppgåver når situasjonen endra seg.
Det deltok to lag tysdag og to lag onsdag, med rundt ti personar i øving kvar dag.
– Det er viktig å få inn element som dei ikkje veit om på førehand. Då får me heva stressnivået litt og øvd på å handtera fleire ting samtidig, seier Sagvaag.
Beredskapsleiaren meiner øvinga var svært reell, og at alt vegarbeidet som pågår med sprengning i fjellet her i Ravnabrotet gjer det viktig å få øva mannskapa her.