Øyane Helsehamn offisielt opna

Ordførar Morten Helland brukte skalpell for å klyppa snora då han offisielt opna vårt nye legesenter Øyane Helsehamn måndag. 

snorklypp ved ordførar og bånd halde av to sjukepleiarar - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland klyppa snora med skalpell og fekk hjelp av sjukepleiarane Sigrid Stavland (t.v) frå tidlegare Bremnes legesenter og Anne Waage frå Kystlegane då det nye legesenteret Øyane Helsehamn vart offisiselt opna. Simon Knutsson Sortland

 

- Legetenesta er i endring, og å kome fram til her me er i dag har også vore ein noko krevjande prosess. Både med omsyn til forventningar, parkeringsplassar og krav til universell utforming, men også namnekonkurransar og aprilspøk med "hamnesjefen", la han muntert til. Eg trur Øyane Helsehamn vert ein fantastisk plass å koma når ein treng helsehjelp, sa ordføraren mellom anna i opningstalen sin.

Gjennomtenkte løysingar

Legane og anna hjelpepersonell frå Kystlegane og Bremnes legesenter er no samla under eitt tak i Øyane Helsehamn med nye, topp moderne lokaler på HSD-senteret. Bygget er på omlag 1000 rutemeter og inkluderer 12 legekontor, stor resepsjon, tre ventesoner, eige ultralydrom, laboratorium, pauserom og garderobar for personale, samt kontor for administrasjonen. Det er for tida 10 legar ved det nye og fargerike legekontoret som Bømlo kommune leiger av Helvik Eigedom AS. Etter omvisinga fekk inviterte gjester frå entreprenør, arkitektfirma, byggherren og kommuneadministrasjonen saman med dei tilsette servert smørbrød og kaker med mange godord attåt.

- Me har fått ein god arbeidsstad og det heile verkar veldig bra gjennomtenkt med stor grad av gjenbruk, meiner kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Han trakk fram og rosa arbeidet og innsatsen til tidlegare leiar for legetenesta Tove Britt Digernes, prosjektleiar Erlend Flornes Skaret, assisterande kommuneoverlege Kjersti Follesø, kommuneoverlege Marit Særsten Halvorsen, leiar for legetenesta Monica Amundsen og fagansvarleg lege Kristine Borgemyr. Dette gjer oss veldig godt skodd for å samkøyra desse to legekontora. Han trakk og fram det gode samarbeidet med byggherre og entreprenør, og den politiske prosessen fram til ein gjorde eit godt val. No står me med eit bygg veldig godt tenleg for tilsette og pasientane.

Åge Vikse takka for oppdraget på vegne av Helvik Eigedom AS og fortalde om ein spennande og krevjande prosess. Kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal var konferansier og leia arrangementet med stø hand og humørfylte kommentarar. Han delte ut blomar som takk for innsatsen.

Samansmelting av to kulturar

- Eit flott bygg til glede for både pasientar og me som arbeidar her, og som eg trur vil hjelpa på rekrutteringa av legar til kommunen vår, seier leiar for legetenesta i Bømlo kommune, Monica Tofte Amundsen. Ho peika på at det er to legekontor med ulike kulturar som no vert smelta saman og skal byggja ein ny felles kultur. Det meiner ho vert både framtidsretta, varmt, flott og imøtekomande.  

- Eg både trur og vonar at pasientane våre vil oppleva dette som  ein trygg og god stad å søkja lege, seier Amundsen. Dei tilsette ser fram til å ha arbeidskvardagen sin her, og dei vil gjere sitt ytterste for å yta god service og ha god fagleg kvalitet på tenestene våre. Eg vil trekkje fram dei tilsette sin store arbeidsinnsats for at me kunne opna no på fredag. Ikkje minst må eg skryta over Basen, som flytta to legekontor frå ulike lokalitetar og opp her på to dagar. Det står det stor respekt av. 

Friviljuge frå Bømlo Røde Kors hjalp til med å rettleia pasientar i dei nye lokala både opningsdagen fredag og måndag.

Legekontor på Bømlo

mann med blomebukettar takkar seks kvinnelege tilsette  - Klikk for stort bileteKommunalsjef for helse sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal takka tilsette som har bidrege i utforminga av det nye legesenter Øyane Helsehamn. Frå venstre leiar legetenesta Monica Tofte Amundsen, fagansvarleg sjukepleiarr Kari Nes, sjukepleiar Anne Waage, fagansvarleg lege Kristine Borgemyr, kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen og systemansvarleg Kari Nesse. Simon Knutsson Sortland

Prosjektinformasjon: Øyane Helsehamn

Adresse - Svortlandsvegen 119, 5430 Bremnes
Anbodsrunde der leigekontrakt vart lyst ut og der Hellvik Eiendom AS vann konkurransen. 
Utlysing: 28.06.2023 Tildeling kontrakt: 20.10.2023 Overtaking bygg: 20.12.2024 Opning: 31.01.2025

Leigetakar: Bømlo kommune (Kystlegane og Bremnes legesenter flyttar saman) Leigetid: 15 år, med opsjon på ytterlegare 5 år til.
Byggherre: Hellvik Eiendom AS AS
Arkitekt: jk.arkitektur AS
Hovudentreprenør: Engevik & Tislevoll AS
Entreprenør VVS: TECA AS
Målar: Malerfirma O. Kjelsnes AS

Areal i leigekontrakt: 1022m2

Innhald:

  • 3-delt resepsjon med 2 pasientsluser og hovudventesone
  • 12 legekontor fordelt på 3 legeklynger kvar med ei tilhøyrande ventesone
  • 2 kontor for sjukepleiarar
  • 2 kontor for administrasjon
  • 2 skadestover
  • 3 skiftestover
  • 2 laboratorium
  • 1 sentrifugerom
  • 1 analyselab
  • 2 EKG-rom
  • 1 analyselab
  • 1 ultralyd
  • 1 audiometri
  • Personalavdeling med garderobar toalett og personalrom
  • Parkering 40 plassar: 34 stk (inkl. 4 stk HC-parkeringsplassar) på vestsida, 6 stk på austsida.
Til toppen