Øyremerkar lindrande seng

Frå 1. mai 2025 er ein av plassane på avdeling for Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo bu og helsesenter (BBH) øyremerka palliative pasientar med alvorleg sjukdom og kort forventa levetid. I tilknyting til dette er det også eit pårøranderom.

to sjukepleiarar i pårøranderom - Klikk for stort biletePårøranderommet ligg vegg i vegg med palliativt rom. Avdelingssjukepleiar Isabel Knutsen og kreftsjukepleiar Vivian Bærøy (t.h) Simon Knutsson Sortland

- Tilbodet er ikkje nytt, men no er det politisk vedteke at det alltid skal vere eit dedikert og reservert rom ståande til dette føremålet. Målet med opphaldet er å lindra plagsame symptom, bidra til tryggheit, meistring og god livskvalitet i samarbeid med pasient og pårørande. Difor ynskjer me å informere innbyggjarane våre om dette, seier avdelingssjukepleiar Isabel Knutsen

Pårøranderom ved sida av

- Me har lang og god erfaring med denne pasientgruppa, og dette pårøranderommet ved sida av har me hatt i bruk i lengre tid. Pårørande er også svært takksame for dette tilbodet, seier kreftsjukepleiar Vivian Bærøy. Her er det gode stolar, sofa, mikrobølgeomn, kaffitraktar og leikekasse for dei minste borna, samt bad, dusj og toalett.

Kriteria for bruk av øyremerka lindrande seng:

o    Utskrivingsklar frå sjukehus og treng korttidsopphald for tilrettelegging i heimen.
o    Kartlegging av symptom
o    Utfordrande symptombilde. Oppstart av smertepumpe. Justering av medikament
o    Avlasting for pårørande.
o    Behov for symptomlindring, pleie og omsorg inntil døden

- Ein får vedtak om korttidsopphald for inntil 14 dagar om gongen. Behov for forlenging av opphald blir vurdert undervegs. Pasienten kan få permisjon innafor dette tidsrommet for å prøve å bu heime, og eventuelt avslutta livet i eigen heim, seier Knutsen.

Ved spørsmål eller ynskje om opphald: 
Kontakt KOR, tenestekontor, Bømlo heimeteneste eller fastlegen din. 
Tenestekontor 48116879     Bømlo heimeteneste 900 65 855   Vakttelefon KOR 41567631