"På døra" takkar for seg

Denne veka får du den siste planlagde utgåva av «På døra» i pilotperioden denne hausten. Me vil takka alle som har teke godt imot og lese infoskrivet.

bilde av julegåvetips - Klikk for stort bileteHodelykt eller sand-/saltstrøar kan vere nyttige julegåver.

Bømlo kommune har vore med på å prøva ut «På dørterskelen» sidan 2023. Gjennom ordninga har me fått prøva ein ny måte å nå ut med nyttig og aktuell informasjon til eldre innbyggjarar. Erfaringane våre og frå dei andre pilotkommunane er særs gode.

Infoskrivet vert lest av dei aller fleste. Mange har satt pris på å få levert infoskrivet på døra av postboda eller i postkassen sin. Me har også delt dei digitalt på nettsidene og Faceboook sida vår.

Kva som skjer vidare, er enno ikkje avgjort. Regjeringa tok ikkje med finansiering av dørterskeltjenesta i framlegget til statsbudsjett for 2027. KS og Posten saman med fagforeiningar arbeider for ei vidare satsing. Saka er no del av den politiske behandlinga av statsbudsjettet.

Me veit derfor ikkje per dato om «På døra» held fram. Når me veit meir, vil Bømlo kommune informera om kva som skjer vidare. Har du ris eller ros om «På døra» vil me gjerne høyra frå deg.

På døra veke 48 (PDF, 4 MB)

Kontaktinformasjon Bømlo kommune:

Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 911 65 377
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 453 82 642

Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet.
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 30 00

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetar 23.-29. november 2026.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 48 i informasjonsskrivet På døra er førebels siste utgåve i pilotperioden. På døra vert av postboda send ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.