På jobb med kvardagsheltane

- Eg var litt nervøs, men det var veldig kjekt å ha med ordføraren ut på jobb. Han var veldig arbeidsvillig, og det er det viktigaste, seier helsefagarbeidar Indre Gustaityte i Bømlo heimeteneste.

mann og kvinne i helseuniform - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland var med helsefagarbeidar Indre Gustaityte på jobb i heimetenesta. Simon Knutsson Sortland

Sjåfør og “kaffikokar”

Helsefagarbeidar Indre Gustaityte hadde eigen privatsjåfør på tysdagens runde i sone sentrum, som strekkjer seg frå Svortland og område ut til Hiskjo og Brandasund. Sjølvaste ordføraren sat bak rattet, og fekk hjelpa til når lufttrykket svikta i eine dekket. Berre ei av utallige uføreseieleg hendingar dei tilsette i Bømlo heimeteneste møter og taklar på beste vis kvar einaste dag. Heime hos brukarane var han både “brødsmørar og kaffikokar”.

Indre peikar på at takknemlegheita frå brukarane gjer jobben meiningsfull, og at arbeidsmiljøet er godt. Sjølv om kvardagen er givande, kan den også vera krevjande, særleg når pasientar kjem heim frå sjukehus og har ulike behov.

- Arbeidskvardagen i heimetenesta er prega av høgt tempo, mange omskifte og stort ansvar. Indre og resten av heimetenesta fortener ros for den fantastiske jobben dei gjer kvar dag, seier ordførar Morten Helland rik på nye opplevingar.

Ynskjer auka aktivitet på Trivselshusa

kvinne orienterer med storskjerm i bakkant - Klikk for stort bileteVerksemdsleiar Hilde Markhus i Bømlo heimeteneste orientere under dialogmøte med tilsette og politikarar. Koordinator Mette Helen Nesse, verneombod Liv Gåsland Lidal og utvalsleiar levekår Jørgen Søvold (t.h). Simon Knutsson Sortland

Verksemdsleiar Hilde Markhus orienterte om organisering av heimetenesta, arbeidslister, og kva som er viktig sett frå brukarar, tilsette og leiing sin ståstad. - Me er takkknemlege for at politikarane har sett oss og styrka tenesta vår både i 2025 og 2026. Me ynskjer  å auka aktiviteten på Trivselshusa våre, for dagtilbodet vil verte viktigare i åra framover som tillegg til våre ordinære tenester, understrekar Markhus.

- Eg fekk sjå heilt klart korleis ting endrar seg heile tida i denne tenesta, la ordførar Morten Helland til.

- Ja, og difor er me avhengige av at våre tilsette er litt generalistar i tillegg til fagutdanninga si. Difor brukar me også assistent teams, seier verksemdsleiaren.

Tillitsvald Lars Magne Ådnanes orienterte om mentorordninga der nytilsette får ein fast kollega å forhalda seg til det første året. Dei ser allereie no at dette vil løna seg. Han fekk bifallande kommentarar på at det er høg trivsel i Bømlo heimeteneste.

Nyttig dialogmøte

mange kvinner og menn rundt møtebord - Klikk for stort bileteDialogmøte med heimetenesta. Frå venstre verksemdsleiar Hilde Markhus, koordinator Mette Nesse, verneombod Liv Gåsland Lidal, utvalsleiar levekår Jørgen Søvold, fagkoordinator Cathrine Halleraker, verneombod Kari Halleråker, tillitsvald helsefagarbeidar Lars Magne Ådnanes, kommunestyrerepresentant Frode Urangsæter, ordførar Morten Helland, avdelingsleiarane May Linn Kloven Bortne og Elin Akse Vik, og kommunalsjef helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal. Simon Knutsson Sortland

I forlenging av ordføraren sin praksisdag i heimetenesta var det eit dialogmøte mellom politikarar, leiing og tilsette i heimetenesta. Her deltok kommunalsjef helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal, verksemdsleiar Hilde Markhus, koordinator Mette Nesse, verneomboda Liv Gåsland Lidal og Kari Halleraker, tillitsvald Lars Magne Ådnanes, avdelingsleiarane Elin Akse Vik og May Linn Bortne, fagkoordinator Cathrine Halleraker, og kommunestyrepolitikarane Jørgen Søvold og Frode Urangsæter.

I møtet vart det også understreka at basane i sonane vert nytta og at tenesta har god nærleik til brukarane. Tema om korleis dei tilsette og leiing oppfattar ulike lesarbrev kom også på bordet, men at dei heile tida ser på korleis dei kan betre organisera seg og tena brukarane. 

Kommunestyrepolitikarane Jørgen Søvold og Frode Urangsæter streka under at dei løftar problemstillingar, og er aldri ute etter dei som yt tenesta. - De gjer ein fantastisk, jobb, og me er glade for tilbakemeldingane frå dykk her i dag. Difor er desse dialogmøta så viktige for å få og gi informasjon, understreka dei.

- Både i dag og tidlegare har eg sett så mange nøgde brukarar og pårørande, men det er likevel viktig å ta tak i situasjonar utan å generalisera med at slik er det overalt, la ordførar Morten Helland til.

Nytt planleggingsverkty

Dialogmøte med heimetenesta. Frå høgre verksemdsleiar Hilde Markhus, koordinator Mette Nesse, verneombod Liv Gåsland Lidal, utvalsleiar levekår Jørgen Søvold, fagkoordinator Cathrine Halleraker, verneombod Kari Halleråker, tillitsvald helsefagarbeidar Lars Magne Ådnanes, kommunestyrerepresentant Frode Urangsæter, ordførar Morten Helland, avdelingsleiarane May Linn Kloven Bortne og Elin Akse Vik, og kommunalsjef helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal. Simon Knutsson Sortland

- Heimetenesta på Bømlo står i dag overfor fleire utfordringar med stram kommuneøkonomi, fleire brukarar og stadig meir komplekse behov. I denne situasjonen er tid den viktigaste ressursen, og ein må planleggja og bruka ho klokt for å gi gode og stabile tenester. Derfor ønskjer heimetenesta å ta i bruk M_SOLUTION og Ruteplanleggeren, digitale verkty som skal gi meir presis oversikt, betre drift og mindre stress i kvardagen. Målet er å styrkja arbeidsmiljøet og sikra at dei tilsette kan gi rett hjelp til rett tid, opplyste verksemdsleiar Hilde Markhus.

Fagkoordinator Cathrine Halleraker orienterte om det nye planleggingsverktyet. Ho understreka at eit sentralt element i arbeidet er ATA‑tid, altså ansikt‑til‑ansikt‑tid med brukarane. - Realistiske ATA‑tider er avgjerande for å unngå ubalanse i bemanning og for høgt arbeidspress. M_SOLUTION skal bidra med nøyaktig kartlegging av faktisk besøkstid ved hjelp av NFC‑merking og inn- og ut‑tapping. Dette handlar ikkje om tidsstyring, men om å etablere eit korrekt grunnlag for gode vedtak, rett kompetansebruk og meir rettferdige arbeidslister. Dei tilsette skal jobba som normalt, og kartlegginga skal ikkje brukast til overvaking eller individstatistikk, understreka fagkoordinator Halleraker.

Når tidsbruken blir kartlagt på ein god måte, kan heimetenesta planleggja meir presist og redusera overplanlegging. Det gir meir realistiske arbeidslister, mindre press og betre samsvar mellom plan og praksis. Dette skal også gi betre grunnlag for budsjettarbeid og prioriteringar framover. Ruteplanleggeren vil vidare ta omsyn til kompetansekrav, turnus, administrative oppgåver, behov for fleire tilsette, tidsvindauge og reisetid. Slik får ein arbeidsdag som er meir oversiktleg og berekraftig for både brukarar og tilsette.

- Prosjektet er no godt forankra hos leiinga, og tillitsvalde er involverte i prosessen. Informasjon er delt med dei tilsette, og førebuingane for ny løysing er i gang. Opplæring vil skje etter påske. Heile satsinga handlar om å rigga heimetenesta for framtida – med betre struktur, meir treffsikker ressursbruk og betre kvardag for dei som utfører tenestene, seier fagkoordinator Cathrine Halleraker.

Ordførar Morten Helland oppsummerer dagen sin slik på sin Facebook-profil: 

skjermdump facebookinnlegg - Klikk for stort bileteOrdførar Morten sitt innleg på Facebook etter ein dag saman med Bømlo heimeteneste.

- I dag har vore ein annleis, men fantastisk nyttig og fin, arbeidsdag. Eg har vore med heimetenestene hos ulike brukarar,  saman med Indre, ein av kvardagsheltane våre. Etterpå hadde me møte med leiarar i tenestene, tillitsvalgte og verneombud. Her var også utvalsleiar for levekår Jørgen Søvold og kommunestyrerepresentant Frode Urangsæter med.  

Det som slår meg mest etter dagen er at dette er ei teneste der ingen dag er lik og tenestebehov endrast raskt. Dei tilsette møter dette på ein fantastisk måte. Så er det eit privilegie å møte brukarane. Så mange levde liv, så mange ulike situasjonar. Alle har så mykje å lære oss. Takk for ein fantastisk dag og for det viktige arbeidet de gjer kvar dag, heile året!