Pårørandekonferansen 2025

Velkomen til Pårørandekonferansen 2025 i kulturhuset onsdag 24. september kl. 10.00-14.30. 

Saman er me mindre åleine. - Ein digital konferanse for pårørande og fagpersonane som møter dei.

Einsamheit er ein av dei største utfordringane for pårørande. Pårørande kan sjølv bli sjuke dersom dei ikkje blir tekne hand om. Samstundes opplever fagpersonar ofte å stå aleine i arbeidet sitt. 

Begge grupper treng arenaer der dei kan møtast, utveksle erfaringar og få fagleg påfyll. 

Årets Pårørandekonferanse rettar søkelyset mot korleis me kan styrke godt samarbeid og god samhandling mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta. Me set lys på korleis me saman kan gjere belastninga mindre og kjenne oss mindre åleine. Trykk på link for å sjå Program  

Konferansen er for alle som ynskjer å delta, anten det er fordi du er pasient, pårørande, nabo, ven, jobbar med nokon som er pasient eller pårørande, eller berre er interessert i tema. Med andre ord, du er velkomen. 

Sjølve konferansen er gratis og startar på slaget kl. 10.00, og me opnar dørene kl. 09.30
Det vert servert kaffi, og det kjem moglegheit for å sikre seg lunsj i pausen. 

Velkommen skal du vera - Meld deg på her - Pårørandekonferansen 2025 | Bømlo kulturhus