Pårørandestrategi – betre støtte til dei som står nærast

Pårørande gjer ein uvurderleg innsats i kvardagen til menneske som treng ekstra støtte, og er ein av dei viktig ressurs.

I Bømlo, Haugesund og Sveio kommune vert det jobba med å lage ein felles pårørandestrategi som skal sikre betre samarbeid, meir systematisk støtte og betre oppfølging av både vaksne og barn som står i krevjande omsorgssituasjonar.

Hjelp til å meistre omsorgsrolla

Strategien er utarbeidd i samarbeid med Utviklingssenteret for heimetenester og sjukeheim Helse Fonna, Pårørandesenteret/v Unn Birkeland, og med økonomisk tilskot frå Helsedirektoratet.

Målet er å gje pårørande hjelp til å meistre omsorgsrolla utan at eiga helse og livskvalitet vert svekka. Kommunane ønskjer å jobbe mot å betre dialog, informasjon, auke fokus på opplæring og auke involvering av pårørande i tenestene – i tråd med nasjonale føringar.

Kven er pårørande?

Pårørande kan vere familie, vener eller andre som står ein person nær. Dei kan vere barn, ungdommar, partnarar eller foreldre som hjelper nokon med helserelaterte utfordringar, funksjonsnedsetting, psykiske plager eller sjukdom.