Pass deg for falske investeringar

Svindlarar kan prøve å lure deg til å investere i aksjar, kryptovaluta eller gull.

eldre mann med bord - Klikk for stort bileteFinans Norge åtvarar mot falske investeringar. Posten Norge

Dei lovar gjerne at du kan tene mykje på kort tid. Tilbodet kan sjå ekte ut,men målet er å lure frå deg pengar.

Slik kan svindlarar gå fram

Svindelen kan starte med ein annonse på Facebook eller andre sosiale medium. Dersom du viser interesse, kan du bli kontakta av nokon som prøver å få deg til å investere pengar.

Bankane ser også at folk blir lurte til å kjøpe gull og gi det frå seg til nokon som skal «oppbevare det trygt». Nokre har til og med blitt bedne om å leggje gullet ute i naturen, slik at andre kan hente det.

Slik vernar du deg

  • Ver skeptisk dersom nokon lovar deg mykje pengar på kort tid
  • Ikkje gi ukjende tilgang til datamaskina, nettbanken eller BankID
  • Snakk med banken eller nokon du stolar på før du investerer eller gir frå deg verdiar
  • Dersom du mistenkjer svindel, kontakt banken din så raskt som mogleg.

Kontaktinformasjon
e-post: web@finansnorge.no
 

På døra veke 46 (PDF, 220 kB)

Kontaktinformasjon Bømlo kommune:

Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 911 65 377
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 453 82 642

Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet.
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 30 00

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetar 9.- 15. november 2026.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 46 i informasjonsskrivet er svindel og falske investeringar. På døra er åtvaring mot falske investeringar. På døra vert av postboda send ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.