Utlånsstatistikk Bømlo folkebibliotek 2025I 2025 hadde Bømlo folkebibliotek ei auke på om lag 5 prosent samanlikna med 2024. Totalt utlån i 2025 var 44 667, mot 42 314 året før – ein vekst på 2 353 utlån. Det var også vekst frå 2023 til 2024, noko som tyder på at interessa for lesing er aukande.
- Denne utviklinga samsvarar med tendensen me ser i fleire byar og andre bibliotek. Alle dei fem storbybiblioteka melder om auke i utlånet, opplyser biblioteksjef Astrid Drevland.
Stor auke i arrangement
I tillegg til utlån har me hatt stor aktivitet i form av arrangement. Om lag 6 000 personar har vore innom til ulike tilbod som lesestunder, sjakk-kveldar, lesesirklar, språkkafear, juleverkstadar, føredrag, debattar og forfattarbesøk.
Drevland er glad for den gode utviklinga og ser fram til å tilby endå fleire møteplassar og kulturtilbod i året som kjem.
Våge filial vert reint skulebibliotek
Grunna innsparingar og låge besøkstal vert Våge filial lagt ned som folkebibliotekfilial. Lokala og samlinga blir overtekne av Våge skule og vil fortsetja som reint skulebibliotek.
- Me vil takke alle som har besøkt Våge filial gjennom åra, og ønskjer dykk hjarteleg velkomne til å bruke biblioteka våre på Hillestveit, Moster Amfi eller i Bømlo kulturhus, seier Drevland.
Siste opningsdag som Våge folkebibliotekfilial vert 13. januar 2026.